Sikt- og sakefallsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sikt- og sakefallsrett er retten til å innkassere bøter for brotsverk.

I eldre dansk rettsspråk var sikt- og sakefallsretten nær knytt til «hals- og håndsretten», som var retten til å fange forbrytarar, reise tiltale og esekvere dommar. Hals- og håndsrett vart innført i Noreg med adelsprivilegia i 1646, men den spelte aldri nokon stor rolle i norsk samfunnsliv. I 1666 vart sikt- og sakefallsretten i Nord-Noreg saman med krongodset selt til private godseigarar. Privat handheving av sakefallsretten vart avskaffa med kriminallova av 20. august 1842.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]