Sildafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sildafjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Kart
Sildafjorden
60°06′08″N 6°04′29″E / 60.102168°N 6.07475306°E / 60.102168; 6.07475306

Sildafjorden er ein del av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune på sør- og austsida av Varaldsøy. Han er den austlege fortsetjinga av Kvinnheradsfjorden i sørvest og held fram som Hissfjorden på nordsida av Varaldsøy. Sildafjorden har ein sidefjord, Maurangsfjorden, som strekkjer seg austover mot Mauranger.

Fjorden har innløp i sør mellom Skjelnesodden på Varaldsøya i nordvest og Lyngstranda i søraust. Frå her går fjorden 15 km rundt halve Varaldsøy. Inn til botn av Maurangsfjorden er det derimot 21 km.

Like aust for Varaldsøy ligg den vesle øya Sild, som fjorden er kalla opp etter. Mellom Sild og Varaldsøy ligg Sildasundet og aust for Sild ligg innløpet til Maurangsfjorden. Ænes er ei bygd som ligg på sørsida av innløpet til Maurangsfjorden og er den største busetnaden langs Sildafjorden.