Sildekonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sildekonge


Sildekonge
Sildekonge

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Lampriformes
Familie: Regalecidae
Slekt: Regalecus
Vitskapleg namn
Regalecus glesne
Ascanius, 1772
Sildekonge
Namn på andre språk
Svensk Sillkung
Dansk Sildekonge
Engelsk King of herrings, giant oarfish
Fransk Régalec, roi des harengs, ruban de mer
Russisk Remen-ryba (Реме́нь-ры́ба), seldjano korol (сельдяно́й коро́ль), remnetel (ремнете́л)

Sildekonge (Regalecus glesne) er ein stor fisk som høyrer til bandfiskane. Arten lever pelagisk og finst på mellombels djupt hav over heile verda. Det norske namnet sitt har han fått fordi han i folketrua tidlegare vart sett på som høvding over sildestimane.

Arten er særs sjeldan stort sett over heile utbreiingsområdet sitt. Han har difor liten økonomisk tyding, sjølv om kjøtet skal smaka særs godt.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sildekongen er lang, smal og bandforma. Fargen er lyst sølvblank med raude finnar. Hovudet er lite, med ein tannlaus munn som kan krengast ut.

Ryggfinnen går langsetter heile ryggen og består av 10-15 harde finnestråler og opp mot 300 blaute. Dei fremste finnestrålane sit heilt framme med hovudet og er særs lange. Desse har vore med på å gje dyret namnet sitt, sidan dei kan sjå ut som ei krone. Ryggfinnen elles vert nytta til framdrift, ein reknar med at dyret sin kropp ligg i om lag 45 gradars vinkel frå retninga han sym.

Sildekongen har elles korkje skjel eller gattfinne, og i dei lange bukfinnane er det berre èi finnestråle. Desse inneheldt kjemiske sanseceller og vert truleg brukt i næringssøk. Brystfinnane og halefinnen er òg små.

Sildekongen kan bli opp til sju meter lang med ei vekt på 272 kg. Ein trur mange forteljingar om sjøorm baserer seg på observasjonar av arten, særleg sidan mange myter skildrar ormen med raud man.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Me veit særs lite om biologien til sildekongen. Dei lever i dei frie vassmassane ned til 1 000 m, med hovudtyngda av bestanden mellom 300 og 500 meter. Skadde eller sjuke fisk vert stundom observert så grunt som opp til 20 m, og driv stundom i land. Det latinske artsnamnet glesne kjem frå Glesvær, der det første vitskapleg skildra eksemplaret vart funne.

Undersøkingar av mageinnhald har vist at sildekongen stort sett et små krepsdyr som kril, i tillegg til litt fisk og blekksprut. Funn av egg og larvar i Middelhavet tyder på at gytetida er tidleg på vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jonsson, Bror: «Båndfisker» i Norges Dyr, Cappelen 1992
  • FishBase