Silkeorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silkeorm


Silkeorm
Prometheus silkworm

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Lepidoptera
Familie: Bombycidæ
Slekt: Bombyx
Art: B. mori
Vitskapleg namn
Bombyx mori
Linné, 1758

Silkeorm (latin Bombyx mori) er larven frå ein nattsvermar. Silkeormar produserer naturleg silke, og er dermed svært viktige økonomisk. Ein silkeorm et berre lauvet frå morbærtre. Dei stammar frå nordre Kina.

Silkeormen har namnet sitt fordi han spinn kokongen sin av råsilke. Kokongen er laga av ein samanhengande tråd av råsilke som er mellom 300 og 900 meter lang.

Silkeormar har god appetitt og et morbærlauv både dag og natt. Difor veks dei òg veldig fort. Når fargen på hovudet deira vert mørkare tyder det at det er tid for å skifte skinn. Når dei har skifta skinn fire gongar får dei ein meir gulaktig farge og skinnet deira blir mindre. Dette er teikn på at dei snart vil dekke seg sjølve med ein kokong av silke.

Om larven et seg ut av kokongen sin på naturleg vis vert trådane forkorta og dermed av mindre verdi. For å forhindre dette vert kokongane lagt i kokande vatn, som drep larven men gjer det lettare å nøste opp kokongen. Sjølve larven vert ofte eten opp.

Peikar ut[endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Silkeorm