Silo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kornsiloar i Port Giles i Australia.
Foto: Scott Davis

Ein silo er eit bygg eller eit rom for konservering og lagring av gras og anna silofôr. Ordet vert òg nytta som ei kortform for silofôr. Ein silo kan vere tårnforma (tårnsilo) eller plan, han kan vere frittståande eller ein del av ein driftsbygning. Dei som har ein silo slår og samlar i hop graset fleire gongar kvar sommar, og legg det i silo. Graset vert nytta som mat til storfe om vinteren.

Tidlegare vart graset turka til høy før det vart lagra. Etter at silosyra vart utvikla, vart det stadig meir vanleg å legga graset i silo. I nyare tid har et vorte vanlegare med rundballar, som gjer det mogleg å ta vare på surfor utan å byggje kostbare silobygg.

Ein silo kan òg vere eit anna tårnforma lagringsrom med tappeordning nedst, for lagring av korn (kornsilo), kol, sand eller anna.