Silvan Zurbriggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silvan Zurbriggen


Statsborgarskap Sveits
Fødd 15. august 1981 (42 år)
Brig
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2010 – Kombinasjon menn

Silvan Zurbriggen (fødd 15. august 1981) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Brig-Glis i kantonen Valais. Han vann sølvmedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen 2003 i St. Moritz, samt bronsemedaljen i den alpine kombinasjonen under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Han er ein fjern slektning av Pirmin Zurbriggen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zurbriggen overraska i 2002 med ein sjetteplass i super-G-rennet under vinter-OL i Salt Lake City. Sesongen etter overraska han på ny med å ta sølvmedaljen i slalåm i den alpine verdsmeisterskapen i St. Moritz. Si fyrste pallplassering i verdscupen oppnådde han i Sestriere i desember 2004, der han vart nummer to i eit slalåmrenn.

Frå 2006 satsa Zurbriggen like mykje på utfor som slalåm, noko som viste att i resultatlistene over kombinasjonstevlingane. I denne øvinga fekk han nytte av sine eigenskapar som slalåm- og utforrennar. Etter eit fall i utforløypa i Gherdëina 15. desember 2007, gjekk han skadd resten av sesongen.

I verdscupen i alpint har Zurbiggen sigra i to tevlingar, fyrst i den alpin kombinasjonen i Kitzbühel 25. januar 2009 og så i utfor i Gherdëina 18. desember 2010. Tre gongar har han vorte nummer to i slalåm i verdscuprenn, fyrst i den førnemnde tevlinga i 2004 og så to gongar i 2009/10-sesongen.

Zurbriggen tok bronsemedaljen i kombinasjonen under vinter-OL 2010. Han la opp i 2015.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]