Silvaplana

Koordinatar: 46°28′0″N 9°48′0″E / 46.46667°N 9.80000°E / 46.46667; 9.80000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silvaplana
Horisonten til Silvaplana
Horisonten til Silvaplana
Kommunevåpenet til Silvaplana
Kommunevåpenet til Silvaplana


Plassering
Silvaplana is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Maloja
Geografi
Flatevidd
 - kommune

44,71 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

978
  21,9 /km²
Koordinatar 46°28′0″N 9°48′0″E / 46.46667°N 9.80000°E / 46.46667; 9.80000
Høgd over havet 1815 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7513
Nettstad: www.gemeinde-silvaplana.ch

Silvaplana (retoromansk Silvaplauna) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden og namnet på ein innsjø i kommunen. Kommunen har 978 innbyggjarar (2010) og eit areal på 45 km². Kommunesenteret ligg 1815 meter over havet.

Silvaplana og Silvaplanasjøen

Silvaplana ligg ved Silvaplanasjøen i øvre Engadinedalen. Han ligg i Oberengadin kreis. Ovanom landsbyen på 2284 moh går Julierpasset frå Engadinedalen til resten av Graubünden og Rhinenvassdraget. Elva Ova dal Vallun går frå Silvaplanasjøen og Champfèrsjøen gjennom landsbyem. Kommunen består av landsbyen Silvaplana og grendene Surlej og Albana samt delar av landsbyen Champfèr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]