Silver & Gold
| Silver & Gold Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 25. april 2000 | |
| Innspelt | 26. august 1997 til 28. mai 1999 i Redwood Digital i Woodside i California (bortsett frå «Red Sun»: Arlyn Studios i Austin) | |
| Sjanger | Rock, folkrock | |
| Lengd | 39:10 | |
| Selskap | Reprise Records | |
| Produsent | Neil Young, Ben Keith | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young-kronologi | ||
| Year of the Horse (1997) |
Silver & Gold | Road Rock Vol. 1 (2000) |
Silver & Gold er eit album av Neil Young som kom i 2000. Mange av songane vart skrivne så langt tilbake som i 1976. Mellom anna finst det piratopptak frå Neil Young/Crazy Horse som spelar «Razor Love» dette året.
Musikalsk går Young tilbake til country/folkrock-stilen frå tidlegare album som Harvest og Comes A Time, men teksten reflekterer i større grad familie, det å verte eldre og verte ein meir komplett person. Young ser tilbake på livet sitt og karrieren sin med eit varmt, nostalgisk syn, og går til og med så langt til å seie at han ikkje var imot ei gjenforeining med Buffalo Springfield - «Like to see those guys again/And give it a shot» (ønskjer å treffe dei fyrane igjen/Og gjere eit nytt forsøk) - som han syng i «Buffalo Springfield Again». Tonen på albumet er roleg og fredfull.
Biletet på omslaget vart teken med eit Game Boy-kamera.[1]
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Good to See You» | 2:49 |
| 2. | «Silver & Gold» | 3:16 |
| 3. | «Daddy Went Walkin'» | 4:01 |
| 4. | «Buffalo Springfield Again» | 3:23 |
| 5. | «The Great Divide» | 4:34 |
| 6. | «Horseshoe Man» | 4:00 |
| 7. | «Red Sun» | 2:48 |
| 8. | «Distant Camera» | 4:07 |
| 9. | «Razor Love» | 6:31 |
| 10. | «Without Rings» | 3:41 |
Medverkande [endre]
- Neil Young: gitar, piano, munnspel, vokal
- Ben Keith: pedalsteelgitar, vokal
- Spooner Oldham: piano, orgel
- Donald «Duck» Dunn: bass
- Jim Keltner: trommer
- Oscar Butterworth: trommer
- Linda Ronstadt: vokal
- Emmylou Harris: vokal
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Silver & Gold» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: