Silvius Leopold Weiss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silvius Leopold Weiss
Silvius Leopold Weiss.jpg
Fødd 12. oktober 1687, Grottkau, dagens Grodków i Polen
Død 16. oktober 1750 (63 år), Dresden
Periode Barokken
Yrke Komponist

Silvius (ofte: Sylvius eller Silvyus) Leopold Weiss (fødd 12. oktober 1687 i Grottkau, dagens Grodków i Polen, død 16. oktober 1750 i Dresden) var ein tysk komponist og luttspelar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Minnestein for Silvius Leopold Weiss på den gamle katolske gravplassen i Dresden. Den opphavlege gravsteinen er tapt.

Nyare undersøkingar tyder på at han kan ha vorte fødd 1687 i Grottkau og ikkje 1686 i Breslau som tidlegare trudd. Faren, Johann Jacob Weiss var luttenist- og teorbist, og underviste Silvius og dei yngre syskena Johann Sigismund og Juliana Margaretha i luttspel alt frå tidleg alder.

Silvius Leopold Weiss arbeidde som luttenist ved pfalzgreve Karl Phillip von Pfalz-Neuburgs hoff i Breslau (dagens Wrocław).

Frå 1710 oppheldt Weiss seg i Roma i lag med den polske prinsen Alexander Sobieski. I Roma vart Weiss kjent med fleire av dei mest kjende musikarane til tida, mellom anna Alessandro og Domenico Scarlatti og Johann David Heinichen. Opphaldet i Roma var viktig for den musikalske utviklinga til Weiss. I 1714 vende han truleg tilbake til den opphavlege tenesteherren sin Karl Philipp, som no residerte i Innsbruck.

Første gongen ein høyrer om Weiss i Dresden er rundt 1717. I august 1718 vart han tilsett som kongeleg kammerluttenist ved hoffet til den saksiske kurfyrsten August den sterke. Weiss høyrde til dei best betalte musikarane ved hoffet i Dresden, og han vart her til han døydde.

I 1723 reiste han saman med Johann Joachim Quantz og Carl Heinrich Graun til Praha der dei spelte i kroningsoperaen til Johann Joseph Fux Costanza e Fortezza. I 1736 avslo Weiss eit jobbtilbod ved hoffet i Wien trass i at det vart lokka med usedvanleg høg løn (2000 talar). Det er belegg for at Weiss i 1739 vart kjent med Johann Sebastian Bach i Leipzig.

Weiss gjekk for å vere den beste luttenisten i si tid og var den siste store luttspelaren i ein fleire hundre år gammal tradisjon før instrumentet gjekk av bruk.

Han døydde i 1750 i ein alder av 63 år og vart gravlagt på den gamle katolske gravplassen i Dresden.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Weiss var den siste store og teknisk dyktige luttvirtuosen som vart beundra av sine samtidige for improvisasjonskunsten sin. Han skreiv meir enn 600 verk for solo lutt (preludium og barokke dansesatsar), det meste sett saman i suitar eller «sonatar» (må ikkje forvekslast med den seinare klassiske sonaten basert på sonatesatsformen). Diverre er ikkje noko av ensembleverka hans for lutt og andre instrument fullt bevart.

Weiss komponerte utelukkande for tysk barokklutt som han byggeteknisk tilpassa etter eigne ider. Ved sida av solostykke og duoar skreiv han kammermusikk med lutt og luttkonsertar. Av kammermusikken og konsertane er berre luttstemmene i tabulatur bevarte – stemmane for dei andre instrumenta er tapt.

Silvius Leopold Weiss var godt kjent med Johann Sebastian Bach. I 1739 var han saman med Wilhelm Friedemann Bach og luttenisten Johann Kropfgans fleire gonger gjest i heimen til Bach i Leipzig. Johann Friedrich Reichardt fortel at Weiss og Bach hadde improvisasjonskonkurransar:

«For han som kjenner til kor vanskeleg det er å få til harmoniske utvikling og ein godt utførd sats på lutt må det forbløffe og nærast vere vanskeleg å tru når auge- og øyrevitner forsikrar at den store luttenisten frå Dresden, Weiss, kunne konkurrere innan improvisasjon og fugesats med Sebastian Bach, som òg var stor som klavar- og orgelspelar.»[1]

Weiss sine verk fanst lenge berre i manuskript. Først på 1900-talet vart dei musikalsk innhaldsrike og teknisk krevande stykka hans publisert og gjort kjent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. „Wer die Schwierigkeiten der Laute für harmonische Ausweichungen und gut ausgeführte Sätze kennt, der muß erstaunen und kann es kaum glauben, wenn Augen- und Ohrenzeugen versichern, dass der große Dresdner Lautenist Weisse mit Sebastian Bach, der auch als Klavier- und Orgelspieler groß war, in die Wette phantasiert und Fugensätze ausgeführt hat.“

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Silvius Leopold Weiss» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Karl Prusik: Kompositionen des Lautenisten Sylvius Leopold Weiss. Avhandling ved Universität Wien 1923 (online)
    • Cardin, Michel: 5 Duo Suites for Flute & Lute. Tree Edition, Lübeck 2008.
    • Silvius Leopold Weiss - 6 Sonatas from the Dresden mss. Tree Edition, Lübeck 2005.
    • Rubin, Jonathan: Silvius Leopold Weiss - L´Infidele, Sonata for Bar. Lute. Tree Edition, Lübeck 2002.
    • Stadtlexikon Dresden A–Z. Verlag der Kunst, Dresden 1995, ISBN 3-364-00300-9.
    • Robert EitnerWeiß, Sylvius. I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 41, Duncker & Humblot, Leipzig 1896, s. 583 f.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]