Silvretta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 46°52′N 10°07′E

Silvretta
Fjellkjede
none  Piz Linard
Land Flag of Austria.svg Austerrike, Flag of Switzerland.svg Sveits
Statar Tirol, Vorarlberg, Graubünden
Del av Dei sentrale Alpane
Grensar til Rätikon, Verwall, Samnaunfjella, Sesvennafjella, Albulafjella
Høgaste punkt Piz Linard
 - høgd 3 410 moh
 - koordinatar 46°50′N 10°02′E

Silvretta er ei fjellkjede i sentrale og austlege område av Alpane i Tyrol og Vorarlberg i Austerrike, og Graubünden i Sveits. Dei austerrikske delstatane Tyrol og Voralberg er knytt saman av fjellovergangen Silvretta Hochalpenstraße på 2 032 m. Dei fleste toppane er høgare enn 3 000 m, og er omringa av isbrear, derfor vert området òg kalla «Blå Silvretta»

Rundt Silvretta ligg fjellkjedene Rätikon, Verwallalpane og Samnaunalpane.

Piz Buin er ikkje det høgaste fjellet, men den mest populære toppen i fjellkjeda. Det er relativt lett å nå denne toppen frå både nord og sør.

Silvretta er vidkjendt for gode vilkår for laussnøkøyring. På 1920-talet heldt Ernest Hemingway seg i området om vinteren (han budde ved Schruns i Montafon i Austerrike. Seinare skreiv han soger om opplevingane sine då han køyrde ski i Silvretta. Nokre av desse sogene kan ein lese om i A moveable feast.

Nærliggande dalar[endre | endre wikiteksten]

Silvrettahorn med Ochstaler Gletscher og Piz Buin

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]