Simen Vangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Vangen
Fødd1976 (48 år)
OpphavNoreg
Verka somtrommeslagar

Simen Iversen Vangen (fødd 24. februar 1976) er ein norsk trommeslagar og perkusjonist frå Sortland i Vesterålen.

Simen Vangen var ein barndomsven med Madrugada-vokalist Sivert Høyem.[1] Han har utdanning innan jazz og klassisk musikk frå Conservatorium van Amsterdam i Nederland.

Etter at trommis Jon Lauvland Pettersen slutta i Madrugada, blei Vangen med i 2002. Han spelar på Grit-cden, som dels vart innspelt i Berlin; samt Sivert Høyem sin fyrste solo-cd frå 2004, Ladies and Gentlemen of the Opposition. Vangen slutta i Madrugada i 2004 for å bruka meir tid på jazz-prosjekta sine.[2]

I 2007 var Vangen medlem av det akustiske popbandet Sigrun and the Kitchen Band. Hausten 2008 flytte han til Kabelvåg, der han no jobbar som produsent og frilansmusikar. Han har m.a. produsert eit musikalsk teaterstykke med namnet Prinsessen som gikk til jordas indre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia om Vangen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]