Simme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siebenbrunnen (Dei sju kjeldene), kjelda til Simme

Simme er ei sideelv til Kander i Berner Oberland i kantonen Bern i Sveits. Ho er om lag 60 km lang og har eit nedslagsfelt på 594 km².

Simme spring ut frå Rezli-Alpane vest for fjellet Wildstrubel nær landsbyen Lenk. Nedanfor Rezli-Alpane dannar ho Simmenfälle, ei rekkje fossar, som i alt har eit samla fall på 200 meter. Elva renn så gjennom Lenk og vidare mot Zweisimmen, der ho renn saman med Kleine Simme, som kjem ned Saanemöser-fjella. Denne er om lag 10 km lang.

Frå Zweisimmen renn Simme gjennom Øvre og Nedre Simmental (Ober- og Niedersimmental). Nær landsbyen Wimmis renn Simme i hop med Kander.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°42′N 7°38′E