Simon Nicol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simon Nicol
SimonNicolFairportConvention2007.jpg
Simon Nicol på BBC Radio 2 Folk Awards; februar 2007
Verkeleg namn Simon John Breckenridge Nicol
Fødd 13. oktober 1950 (63 år), Muswell Hill i London i England
Instrument Vokal, gitar, dulcimer, synthesiser
Sjanger Rock, folkrock, elektrisk folk
Aktive år 1960-åra til i dag
Yrke Musikar, plateprodusent
Tilknytte artistar Fairport Convention, Albion Band
Plateselskap Track, Island, Vertigo, Woodworm, Matty Grooves
Nettstad www.fairportconvention.com/index.php
Kjende instrument
Santa Cruz Tony Rice Dreadnought
1962 Fender Stratocaster
Rickenbacker Capri

Simon John Breckenridge Nicol (fødd 13. oktober 1950) er ein gitarist, songar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han var med å grunnla bandet Fairport Convention og er det einaste opphavlege medlemmet som framleis spelar i bandet. Han var òg involvert i Albion Band og mange andre musikalske prosjekt, både som samarbeider, produsent og soloartist. Han har fått mange prisar for arbeidet sitt og karrieren.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Han starta å spele gitar då han var 11 år og forlet skulen då han var 15. I 1966 vart han med i det lokale bandet Electric Shuffle Orchestra i lag med bassgitarist Ashley Hutchings, og like etter forlet han jobben på den lokale kinoen for å bli fulltidsmusikar. Dei øvde i etasjen over legepraksisen til faren, i eit hus kalla Fairport, og dette var opphavet til namnet på bandet som han og Hutchings danna i lag med Richard Thompson og Shaun Frater som Fairport Convention i 1967.[1]

Då Thompson vart sologitarist i bandet, vart Nicol rytmegitarist og song stundom korvokal. Etter fleire endringar i besetninga fekk bandet ein viss suksess dei første åra med tre album og ei framsyning på det britiske musikkprogrammet Top of the Pops i 1969 med singelen «Si Tu Dois Partir», som nådde 21. plass i Storbritannia.[2] Nicol skreiv den først songen sin for bandet for det andre albumet, What We Did on Our Holidays, den korte instrumentalen «End of the Holiday».[3] Nicol vart skadd i bilulukka som tok livet av trommeslagaren Martin Lamble den 12. mai 1969, men han og bandet kom attende og spelte inn det som vert rekna som meisterverket deira og det viktigaste albumet i britisk folkrock, Liege and Lief (1969).[4]

Like etter albumet kom ut slutta Hutchings og vokalist Sandy Denny, medan Dave Swarbrick på fele og bassist Dave Pegg hadde kome inn i bandet.[5] Swarbrick, som hadde større kjennskap til tradisjonell musikk, tredde fram som frontfigur i bandet, medan Nicol måtte ta større del av vokalen på det neste albumet Full House (1970).[6] Då Thompson like etter forlet bandet, måtte Nicol òg ta rolla som sologitarist i bandet. Sjølv om han aldri var heilt nøgd med denne rolla, meinte ein samstundes på denne tida at han gjorde det bra.[7] Han viste òg at han kunne traktere mange instrument og spelte både bassgitar, bratsj og dulcimer.[8] Han starta å skrive songar for dei neste to albuma Angel Delight og Babbacombe Lee (begge 1971). Han starta òg å ta over noko av produksjonen på Babbacombe Lee, men dette var ikkje så godt motteke av resten av bandet, og dette, samt at han måtte fylle skoa til Thompson, gjorde at han forlet bandet i 1971, som det siste originale medlemmet.[9]

Albion Band og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Om lag samstundes som Nicol forlet Fairport Convention hadde Hutchings òg slutta i Steeleye Span og starta å arbeide med den første utgåva av Albion Country Band. Nicol vart med fleire musikarar, mellom anna tidlegare Fairport-medlem Richard Thompson og Dave Mattacks på albumet No Roses (1971), ofte rekna som eit av dei viktigaste elektriske folkealbuma.[10] Nicol slo seg så saman med Richard Thompson og Linda Peters (seinare Linda Thompson) og danna trioen Hokey Pokey i 1973. I 1974 hadde trioen vorte utvida til bandet Sour Grapes som spelte på turneen etter Thompson-albumet I Want to See the Bright Lights Tonight. Seianre same året spelte Nicol på og var medprodusent med Thompson på albumet hans Hokey Pokey.[11]

I 1973 spelte han på det som ofte vert rekna som eit av dei aller beste folk/jazz-albuma gjennom tidene, John Martyn sitt Solid Air.[12] Nicol vart med i Albion Band igjen i 1973, men albumet dei spelte inn, Battle of the Field, kom først ut i 1976.[13] Nicol tok del i somme av innspelingane for det neste prosjektet til Hutchings, Etchingham Steam Band, men var aldri formelt med i gruppa. I 1974-1975 spelte han på Cat Stevens sitt Numbers (1975) og danna eit band i lag med Chris Spedding, Pat Donaldson, Gerry Conway. Denne «supergruppa» vart lagt ned før dei fekk gjort nokre innspelingar.[14] Nicol produserte òg albumet Rough Diamonds (1975) for Jack the Lad, og starta å spele med Swarbrick og Pegg i ein trio kalla Three Desperate Mortgages.[15]

Attende til Fairport[endre | endre wikiteksten]

Nicol kom attende til Fairport som lydteknikar på det som opphavleg skulle vere eit soloprosjekt for Swarbrick, albumet Gottle O' Geer (1976). Han spelte nkok gitar og albumet vart omsider gjeven ut som eit Fairport-album. Nicol vart med i bandet igjen for fullt. Samstundes spelte han på det første albumet til Julie Covington (1977), inkludert hitsingelen «Only Women Bleed» som nådde 12. plass i Storbritannia i 1978.[16] I 1977 vart Nicol med i eit gjenforeint Albion Dance Band for albumet The Prospect Before Us og i 1978 som The Albion Band gav dei ut det beste albumet deira, Rise Up Like the Sun (1978).[17] I motsetnad selde dei to neste Fairport-albuma, The Bonny Bunch of Roses (1977) og Tipplers Tales (1978) dårleg, trass i god produksjon og framføring, og at ein generelt meinte Nicol hadde vokse som gitarist og vokalist. Dei valte til slutt å legge ned bandet og heldt ein siste konsert i Cropredy i Oxfordshire den 4. august 1979.[18]

Albion Band, Richard og Linda Thompson, Nicol og Swarbrick 1979-85[endre | endre wikiteksten]

Nicol vendte attende til Albion Band og spelte inn to album i 1983. Han turnerte og spelte inn med Richard og Linda Thompson frå 1979 til 1982 og så vidare med Richard Thompson i 1983 og 1984.[11] Han danna òg ein akustisk duett med Dave Swarbrick, som han spelte inn tre album i lag med.[19] Han tok òg del i den årlege gjenforeininga med Fairport, som no var Cropredyfestivalen.[20] I 1985 kom han attende til Fairport for å spele inn albumet Gladys' Leap. Albumet vart godt teke imot og førte til at bandet vart gjenforeint eit år seinare.[21]

Gjenforeininga 1986 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1986-1997 var kanskje den travlaste i karrieren til Nicol. Utan Swarbrick vart han no den nye frontmannen i Fairport. Dei fleste kommentarane har meint at den utviklande barytonestemma hans var meir enn god nok for denne oppgåva.[22] Fairport spelte inn plater og turnerte stadig, men Nicol fekk likevel tid til å gje ut to soloalbum i perioden, Before Your Time (1987) og Consonant Please Carol (1992). Frå 1991-1996 spelte han på tre album av Richard Thompson. Frå 1993 vart han med att i Albion Band i ei ny akustisk utgåve, og spelte inn tre høgt akta album. Han produserte det første av desse, Acousticity (1993), og turnerte mykje i Europa og Amerika. Han spelte òg med fleire andre artistar, mellom anna ein turne med Art Garfunkel i 1988 og på albuma til Beverley Craven og Beth Nielsen Chapman. I 1990 gav han ut videoen Singing Games for Children med kona Sylvia.[23]

I 1997 forlet han Albion Band for å fokusere meir på Fairport Convention, med delte vokal med Chris Leslie og tok over noko av organiseringa med Cropredyfestivalen frå 2005.[24]

Nicol spelte nyleg i lag med den originale Fairport Convention-vokalisten Judy Dyble, på to songar på hennar Talking with Strangers i 2009. Same året spelte han i Alan Simon sin rockeopera Anne de Bretagne, i rolla som kong Edvard IV av England.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg diskografien til Fairport Convention og Albion Band

Som soloartist
  • Before Your Time (Woodworm, 1987)
  • Consonant Please Carol (Woodworm, 1992)
  • Before Your Time/Consonant Please Carol (Woodworm, 1998)
Med Matthews' Southern Comfort
Vashti Bunyan
Mike Heron
John Martyn
John Kirkpatrick og Ashley Hutchings
  • The Compleat Dancing Master (Island 1974)
Steve Ashley
  • Stroll On (Gull, 1974)
Hokey Pokey
Richard og Linda Thompson
Shirley Collins
Cat Stevens
Al Stewart
Dave Swarbrick
  • Swarbrick 2 (Transatlantic, 1977)
Julie Covington
  • Julie Covington (Fame, 1978)
Med Dave Swarbrick
  • In the Club (1981) (Tape)
  • Live at the White Bear (White Bear Records, 1982)
  • Close to the Wind (Woodworm, 1984)
  • Close to the White Bear (Woodworm, 1998)
Art Garfunkel
  • Concert (1988)
Beverley Craven
  • Beverley Craven (Epic, 1990)
Med Sylvia Nicol
  • Synging Games for Children (Telstar 1990) (Video)
Murray Head
Richard Thompson
Beth Nielsen Chapman
Linda Thompson
  • Dreams Fly Away: a History of Linda Thompson (Hannibal, 1996)
Sandy Denny
Phil Pickett
Alan Simon
  • Excalibur II (Babaika Productions, 2007)
Judy Dyble

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Simon Nicol» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011.
  • Humphries, P. (1997). Meet on the Ledge: Fairport Convention, the Classic Years (2nd ed.). Virgin. 
  • Redwood, Fred; Woodward, Martin (1995). The Woodworm Era: The story of today's Fairport Convention. Thatcham: Jeneva Publishing. ISBN 0 9525860 0 2. 
  1. Humphries 1997, s. 4
  2. Humphries 1997, s. 37
  3. Humphries 1997, s. 25
  4. B. Sweers, Elektrisk Folk: The Changing Face of English Traditional Music (Oxford University Press, 2005), s. 86.
  5. Humphries 1997, s. 61–66
  6. Humphries 1997, s. 75–76
  7. Redwood & Woodward 1995, s. 62
  8. Humphries 1997, s. 86
  9. Humphries 1997, s. 95–96
  10. Humphries 1997, s. 125–126
  11. 11,0 11,1 Humphries, Patrick, Richard Thompson - The Biography, Schirmer, 1997. ISBN 0-02-864752-1
  12. C. Jones, 'Solid Air, John Martyn', BBC Folk and Country Review, http://www.bbc.co.uk/music/release/23bd/, henta 27. januar 2011.
  13. Humphries 1997, s. 126
  14. M. Tucker, 'Simon Nicol: Oxfordshire English', Acoustic Magazine, http://www.acousticmagazine.com/index.php?option=com_content&task=view&id=379&Itemid=48, henta 27. januar 2011.
  15. 'Interview with Simon Nicol and Dave Pegg', "Fairport Convention discussion pages", http://www.fclist.org/fairport-convention/interview-simon-nicol-and-dave-pegg, retrieved 1/02/09; 'History: Simon Nicol writes about Fairport', Fairport Convention official website, http://www.fairportconvention.com/simon_nicol_on_fairport.php, retrieved 30/01/09.
  16. UK Official chart statistics, http://www.chartstats.com/artistinfo.php?id=2749, henta 27. januar 2011.
  17. A. Prasad, 'Fairport Convention Come All Ye: Simon Nicol', Interviews without borders, http://www.innerviews.org/inner/fairport_nicol.html, henta 27. januar 2011.
  18. Humphries 1997, s. 129
  19. Redwood & Woodward 1995, s. 18
  20. Redwood & Woodward 1995, s. 74–76
  21. Redwood & Woodward 1995, s. 19–22
  22. Humphries 1997, s. 158,160
  23. 'Simon Nicol', "All music", http://www.allmusic.com/artist/p19573/biography henta 27. januar 2011.
  24. 'Interview: Fairport Convention', musicOHM, http://www.musicomh.com/music/features/fairport-convention_0805.htm, henta 27. januar 2011.