Simon Stevin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon Stevin (1548/1549–1620) var ein nederlandsk fysikar og matematikar. Han innførte geometrisk addisjon av vektorar ved å gjere bruk av parallellogramet til kreftene, og fann lovene for rørsle på eit skråplan. I matematikken gjorde han, som den første, systematisk bruk av desimalbrøk og prøvde desimalinndeling av mynt, mål og vekt, to hundre år før dette vart innført i Frankrike.
Kjelder [endre]
- Simon Stevin. (2012-02-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Simon_Stevin