Simon Usjakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frelsar. Ikkje laga med hand. 1658

Simon (Pimen) Fjodorovitsj Usjakov (russisk: Симон (Пимен) Федорович Ушаков), (162625. juni 1686) var ein leiande russisk grafikar i andre halvparten av det 17. hundreåret. Saman med Fjodor Zubov og Fjodor Rozjnov vert han knytt til den omfattande reformeringa av den russisk-ortodokse kyrkja, leia av patriarken Nikon.

Ein veit knapt noko om Usjakovs yngre år. 22 år gammal vart han tilsett som kunstnar av Myntkammeret, knytt til tyhuset (depotet) Prikaz. Dei lyse, friske fargane og sirlege, krumma linene på hans proto-barokke ikonar vekte Nikon si interesse, som på si side gjorde tsar Aleksej Mikhailovitsj kjent med Usjakov. Han vart ein favoritt hos tsar-familien og vart i 1664 knytta til tyhuset i Kreml, drive av den lærde bojaren Bogdan Khitrovo.

Usjakov hadde ei mengd elevar og medhjelparar i si verksemd. Han publiserte ei kort avhandling om ikonmåling med tittelen Eit ord om kjærleg-grundig ikon-måling (1664). Nokre av dei meir konservative russiske prestane, til dømes erkepresten Avvakum, såg på ikonane hans for "vellystige verk av ein djevel". Framsyningane av dei heilage var for vestlege, menneskelike etter deira smak. Avvakum hevda at Usjakov måla sine "kjødelege helgenar" etter sin eigen staselege utsjånad.

Usjakov utførte også oppdrag av verdsleg art, laga graveringar til bokillustrasjonar. Såleis var han ein av dei første verdslege kunstnarane i Russland. Nokre av ikonane hans vart framvist i Vest-Europa. Desse var avgjerande i å vekke interessa for russisk kunstmåling i sin tidlege fase.

Han døydde i Moskva.