Simon Vouet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1626/27
Allegori

Simon Vouet (9. januar 159030. juni 1649) var ein fransk målar og teiknar under barokken. Han var både fødd og døydde i Paris.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vouet var fødd i Paris, der far hans var målar. Sjølv busette han seg i Italia 1613 og budde i hovudsak i Roma, med kortare opphald i Genova, Venezia og Napoli. Stilen hans vitnar om eit særprega talent og djuptgåande studium av dei italienske meistrane, særleg av kunsten til Paolo Veronese. Vouet fekk snart mektige oppdragsgjevarar, der i mellom pave Urban VIII.

År 1627 vende Vouet tilbake til Frankrike, der han vart utnemnd til leiande hoffmålar. I denne posisjonen sat han trygt, med unnatak for åra 1640-42 då han vart dregen inn i rivalitet med Nicolas Poussin. Vouet underviste eller samarbeidde med nesten alle i den tett påfylgjande generasjonen av franske målarar, dei mest kjende er Charles Le Brun, Eustache Le Sueur og Pierre Mignard.

Vouet sine portrett frå Ludvig XIII sitt hoff og dei fleste av hans store utsmykkingar i parisiske hus og landslott har vorte øydelagde. Mellom dei bevarte måleria høyrer Fader Tid overvunnen av Kjærleik, Håp og Venleik frå 1627, Rikdomen (1630-35) og Ceres (1634-35).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Simon Vouet