Simon van der Meer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simon van der Meer (til venstre) med dronning Beatrix, kona si og prins Claus.

Simon van der Meer (24. november 19254. mars 2011) var ein nederlandsk ingeniør og fysikar. Han blei tildelt Nobelprisen i fysikk i 1984 for bidrag til å finna elementærpartiklane W- og Z-boson.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Van der Meer vart fødd i Haag. Han fullførte allmennutdanninga si medan Nederland enno var okkupert av Tyskland. Han studerte teknisk fysikk ved det tekniske universitetet i Delft og tok ingeniørgrad der i 1952. Han jobba han ved Philips forskingslaboratorium i Eindhoven fram til han vart han tilsett ved forskingssenteret CERN i Sveits i 1956. Her blei han verande til han pensjonerte seg i 1990.

Simon van der Meer var gift med Catharina M. Koopman. Dei fekk to born, Esther og Mathijs.[1]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

I 1968 utvikla van der Meer stokastisk kjøling av partikkelstråler.[2] Metoden gjer at ein kan gje partikkelstråler meir einsarta energi og retning, og hadde avgjerande tyding for eksperimenta ved CERN. Han blei brukt i CERN sin partikkelakselerator Super Proton Synchrotron til å danna intense antiprotonstråler som kolliderte med mot-roterande protonstråler. Kollisjonane danna W- og Z-boson som blei observerte første gong i 1983 ved eit eksperiment]] leidd av Carlo Rubbia. Teorien om at bosona fanst hadde vore lagt fram nokre år tidlegare, og påvisinga av dei var ein viktig suksess for CERN. I 1984 delte van der Meer og Rubbia Nobelprisen i fysikk for dei viktige bidraga sine til prosjektet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Simon van der Meer - Biographical», nobelprize.org
  2. Nobel Press Release. Nobelprize.org (17 October 1984). Retrieved on 3 April 2014.
  3. The Economist, «Simon van der Meer», 19 March 2011, p. 96.