Simone de Beauvoir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simone de Beauvoir (9. januar 1908 - 14. april 1986) var fransk forfattar, feminist og filosof. Ho studerte filosofi på Sorbonne-universitetet i Paris frå 1927 til 1929, der ho berre 21 år gammal, og såleis som den yngste nokon gong, bestod den konkurranseprega agrégation-eksamenen. Her blei ho nr. to – berre overgått av Jean-Paul Sartre, som gjekk på same skule (det var likevel hans andre forsøk på den eksamenen).
[endre] Karriere
Etter tida på Sorbonne underviste Simone de Beauvoir på forskjellige gymnas i Marseille og Rouen, og i 1943 fekk ho fast tilsetjing på Lycée Molière i Paris. Simone de Beauvoir forlet imidlertid filosofiundervisninga same året, da hennar første roman L'invitée kom ut, og ho bruka heretter tida si til å skrive.
Simone de Beauvoir slutta seg tidleg til eksistensialismen, mens ho i forhold til feminisme sjølv har sagt at ho ikkje hadde noko med den å gjere før i 1946, da arbeidet med eit av dei sentrale verka hennar, Le deuxième sexe (1949), tok til. I ei lang årrekkje etter utgjevinga understreka Simone de Beauvoir på det kraftigaste sin analytiske tilgang til emnet, som ikkje måtte forvekslast med ein reint feministisk inngangsvinkel. Først 10 år etter utgjevinga erklærte Simone de Beauvoir seg offentleg som feminist og i 1960-talet og 1970-talet si franske kvinnerørsle, Mouvement de la Libération des Femmes, blei ho ein aktiv figur. I denne samanhengen kan hennar innsats i kampen for retten til sjølvbestemt abort framhevast.
[endre] Forholdet til Sartre
Etter allereie eitt år på Sorbonne møtte Simone de Beauvoir Jean-Paul Sartre. Dei to forfattarane fekk avgjerande innverknad på kvarandre sitt liv og tankar og var sterkt knytte til kvarandre til Sartre sin død i 1980. Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre var begge ateistar, eksistensialistar og tilhengarar av eit fritt kjærleiksforhold. Desse tre elementa var utgangspunktet for deira felles tilvære, og dei viste omverda ein for den tida ny måte som forholdet mellom kvinne og mann kunne vere på.
[endre] Kjelde
Den danske wikipediaen.

