Sinfest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sinfest: The webcomic to end all webcomics
Forfattar Tatsuya Ishida
Nettstad www.sinfest.net/
Status (2007) Dagleg oppdatert
Lansert 17. januar 2000
Sjanger humor, religion, sex, media

Sinfest: The webcomic to end all webcomics er ein teikneserieinternett forfatta og teikna av Tatsuya Ishida. Den første stripa vart vist den 17. januar 2000, dei kjem no opp til dagleg på heimesida til Sinfest. Tidlegare var Sinfest ein del av Keenspot-sidene.

Hovudtemaet i serien er menneskenaturen, med spesiell merksemd retta imot seksualitet og religion. Andre tema har vore forbrukarkulturen og politiske kommentarar. Sinfest fokuserer på det humoristiske og er ikkje moralsk fordømmande.

Sinfest på trykk[endre | endre wikiteksten]

Sinfest har ikkje slått i gjennom som avisstripe. Ishida har på eige forlag gjeve ut bøkene:

  • Sinfest (2002)
  • Life is My Bitch (2003)
  • Dance of the Gods (2005)

Seriemagasinet Nemi har publisert Sinfest i fargar og er ein av dei få publikasjonane som gjev ut serien. Nettutgåva på Sinfest si heimeside er berre unntaksvis i fargar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sinfest