Sing av The Carpenters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sing
Singel av The Carpenters
B-side

«Druscilla Penny»

Utgjeve 13. januar 1973
Innspelt 1972
Sjanger Pop
Lengd 3:18
Selskap A&M 1413
Låtskrivar(ar) Joe Raposo
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi 
«Goodbye to Love»
(1972)
Sing «Yesterday Once More»
(1973)


«Sing» er ein popsong skriven for Sesame Street og som vart populær då han vart framført av The Carpenters, som nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista med songen i 1973. Han vart ein av dei mest framførte songane på Sesame Street, sungen på engelsk, spansk og teiknespråk.

«Sing» vart skriven av Joe Raposo,[1] ein av dei faste låtskrivarane for Sesame Street.

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Barbra Streisand hadde hatt ein hit på Easy Listening-lista i 1972 med «Sing», høyrde Karen og Richard Carpenter først songen som gjester på ABC-programmet Robert Young with the Young i 1973. The Carpenters likte songen og meinte det kunne bli ein hit. Songen var den første singelen frå albumet Now & Then, gjeve ut i 1973.[1] «Sing» nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 og toppen av easy listening-lista,[2] og den sjuande gullplata deira.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Barbra Streisand, Julie Andrews og Perry Como, Shirley Bassey, Donnie Harper and the Voices of Tomorrow, Christopher Knight, Sammy Davis jr., Lea Salonga, Julie Andrews og Carol Burnett, Nakatomi, The Dixie Chicks, Ivy, Benny Green og Russell Malone, Kristin Chenoweth, Autumn Teen Sound, Pink Martini, MoccA og Rie fu.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Carpenters-versjonen
Liste Plassering
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Easy Listening 1
Record World 4
Canadian Singles Chart 4
Oricon internasjonale singelliste 1
Oricon (Japansk) singelliste 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Review of «Sing" on allmusic
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 47. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]