Singsås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Singsås er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag fylke, frå 1837 ein del av Holtålen kommune (Holtaalen) formannskapsdistrikt. Namnet kan vera avleidd av det norrøne mannsnamnet Singulfr, men dette er noko uvisst.

Singsås vart skild ut som eigen kommune frå Holtålen i 1841 og hadde då 1 272 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Singsås slegen saman med Budal, Soknedal og Støren kommunar til den nye Midtre Gauldal kommune. Singsås hadde ved samanslåinga 1 554 innbyggjarar.

Elva Gaula, Rørosbanen og Fylkesveg 30 går gjennom bygda.