Sinjaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sinjaja
Utspring Osvjskojesjøen
Munning Velikaja
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Latvia Latvia
Kviterussland Kviterussland
Lengd 195 km
Middelvassføring 10,1 m³/s
Nedslagsfelt 2 040 km²

Sinjaja (russisk Си́няя; latvisk Zilupe; kviterussisk Синюха, Sinjukha) er ei elv i Latvia, Kviterussland og Pskov oblast i Russland og ei av sideelvane til Velikaja frå venstre. Elva er 195 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 040 km². Elva har ei middelvassføring på 10,1 m³/s, målt 27 km frå munningen.

Sinjaja renn ut frå innsjøen Osvejsokje i Vitebsk oblast i Kviterussland, heilt nord i landet, og nær grensa mellom Kviterussland, Latvia og Russland. Elva renn nordover og dannar eit lite stykke grensa mellom Latvia og Kviterussland, så inn i Latvia. I byen Zilupe, 60 km frå kjelda, er ikkje elva meir enn 10 meter brei, men frå her og nedover samlar ho mange sideelvar og veks til 10-15 meter. Etter 10 km langs grensa mellom Latvia og Russland renn ho inn i Russland, der ho renn nordover, parallelt til Issa og Velikaja. Elva renn gjennom Krasnogorodsk og nedanfor denne byen aukar breidda til 30 meter. Sinjaja munnar ut i Velikaja 30 km ovanfor byen Ostrov.

Den største sideelva hennar er Versja frå høgre. Ved elva ligg byane Zilupe i Latvia og landsbyen Krasnogorodsk i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]