Sinn Féin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sinn Féin, som på irsk betyr Vi sjølve, er eit all-irsk politisk parti. Det vert ofte beskrive som den politiske fløyen av den irske republikanske arméen (IRA).

Partiet vart skipa i førstninga av 1900-talet, og arbeider for eit sameint Irland, det vil seie at Nord-Irland skal bli ein del av den irske republikken.

Sinn Féin er det største nasjonalistpartiet i Nord-Irland sidan valet i 2001, da det overtok denne posisjonen frå Social Democratic and Labour Party. Sinn Féin har for tida fire representantar i det britiske parlamentet, men møter ikkje, fordi dei da måtte sverje truskap til den britiske monarken.

Sinn Féin har òg 14 medlemmer av den irske nasjonalforsamlinga i Dublin, og to representantar i EU-parlamentet, ein frå Nord-Irland og ein frå republikken Irland.

Den første leiaren i Sinn Féin var Arthur Griffith, men først da Eamon de Valera tok over leiarskapen i 1917 etter Påskeopprøret tok partiet til å spele rolla som viktig kraft i den nasjonale frigjeringskampen. Noverande partileiar er Gerry Adams (sidan 1983).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti med røter frå Sinn Féin 1916-21