Sinner Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lord says «Sinner man, you should've been a praying»

Trad.

«Sinner Man» eller «Sinnerman» er ein amerikansk tradisjonell spritual-song som er spelt inn av mange artistar. Songen går tilbake til byrjinga av 1900-talet, men dei fleste moderen utgåve av songen baserer seg på ei innspeling av folkemusikkgruppa the Weavers frå 1959. The Weavers si utgåve finst på samlealbuma deira Gospel og Reunion at Carnegie Hall Part 2.

«Sinnerman» (stava som eitt ord) er ein av dei mest kjedne songane til Nina Simone og ho spelte inn ein 10 minuttar lang versjon på albumet hennar Pastel Blues i 1965. Simone lærte teksten som born då han vart nytta på vekkelsesmøte av mor hennar, som var ein metodistprest. I dei første åra av karrieren hennar nytta ofte Simone songen som avsluttningsnummer på konsertane sine.

Simone si utgåve av «Sinnerman» har vorte sampla av hip-hop produsenten Kanye WestTalib Kweli-songen «Get By», av Timbaland på songen «Oh Timbaland» og av Felix da Housecat for plateserien Verve Remixed.

Andre artistar som har spelt songen er The Wailers med Peter Tosh på vokal i ei reggae-utgåve, samt andre artistar som The Seekers, Three Dog Night, John P. Kee, 16 Horsepower og Les Baxter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]