Sinotibetanske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sino-tibetanske språk)
| Sinotibetanske språk | ||
| Klassifisering: | Sinotibetansk | |
| Vidare inndeling: | Sinittiske språk Tibetoburmesiske språk |
|
| Område: | Aust-Asia (Tibet, Kina, Taiwan, India, Pakistan, Nepal, Bhutan, Bangladesh, Burma, Thailand, Laos, Vietnam) | |
Den sinotibetanske språkfamilien femner over 350 språk i det austlege Asia. Berre indoeuropeiske språk har fleire talarar.
Familien kan delast inn i desse språkgruppene:
- Sinittiske språk, som omfattar dei kinesiske språk
- Tibetoburmesiske språk, som igjen vert delte inn i tibetanske og burmesiske språk
Mange av dei sinotibetanske språka er tonale. Dei fleste kinesiske språka er analytiske språk (bygde opp av einstavingsord) medan mange tibetanske språk er agglutinerande.