Sinop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sinope)
Sinop
by
Sinop i Tyrkia.
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Sinop
Koordinatar 42°02′N 35°09′E / 42.033°N 35.150°E / 42.033; 35.150
Folketal 36 031  (2010)[1]
Borgarmeister Baki Ergül
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 57xxx
Retningsnummer (+90) 368
Bilnummer 57
Kart
Sinop
42°01′36″N 35°09′04″E / 42.026666666667°N 35.151111111111°E / 42.026666666667; 35.151111111111
Wikimedia Commons: Sinop (Turkey)
Nettstad: www.sinop.bel.tr

Sinop (gresk Σινώπη, Sinōpē) er ein by med kring 35 000 innbyggjarar ved kysten avSvartehavet i Tyrkia. Han er historisk kjend som Sinope. Han er administrasjonssenter i provinsen Sinop.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av hettitane, men vart først viktig etter grekarane frå joniske Miletos erobra byen i 632 fvt. Sinope vart så eit senter for tunfiske og handel i Svartehavet, samt moderby for koloniane Kotyora, Trapezus, Kerasos og fleire.[2] Sinope var frå 183 fvt. hovudstad i kongedømet Pontos og vart pynta med mange vakre bygningar.[2] År 70 fvt. erobra Lucullus byen for Romarriket og Julius Caesar gjorde år 47 byen til ein romersk koloni, Colonia Julia Felix. Mithridates VI Eupator vart fødd og gravlagd i Sinope, og byen var òg fødestad for Diogenes, Difilos, diktar og skodespelar innan den nyattiske komedien, historikaren Baton, og den kristne den kristna kjettaren på 100-talet evt. Markion.

Sinope fortsette å vere romersk og austromersk til 1214, då staden vart erobra av seldsjukarane.[2] 1461 vart han så erobra av Det osmanske riket,[2] noko som gjorde byen ein del av vilajeten Kastamuni. Den 30. november 1853 vart byen råka under starten på Krimkrigen, då ein tyrkisk flåte under Osman Pasja vart bombardert av russarane under admiral Pavel Natsjimov,[2] noko som førte til at Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Russland.

Under første verdskrigen vart Sinop bombardert den 8. januar 1915 av ein russisk skvadron.[2]

Det låg tidlegare ein amerikansk militærbase i byen, som var viktig under den kalde krigen. Basen vart lagt ned i 1993.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sinop har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb). Sinop har varme og fuktige somrar med ein middeltemperatur på 26 °C, men temperaturen går sjeldan over +30 °C. Varmerekorden for Sinop er 34,4 °C frå 6. juli 2000.

Vintrar are kjølige og våte med ein middeltemperatur kring 5 °C. Den lågaste temperaturen som er målt i Sinop er -7,5 °C den 21. februar 1985.

Snøfall er ganske vanleg mellom desember og mars, og snøen ligg gjerne ei veke eller to

Vêrdata for Sinop
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 9,5 9,3 10,6 14,2 18,3 23,2 26 26,5 23,2 19,2 15,1 11,7 17,2
Gjennomsnittleg min °C 4,6 4 5,2 8,1 12,2 16,8 19,9 20,4 17,3 13,6 9,5 6,6 11,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 71,2 49,2 49,3 37,7 33,1 36,3 37,3 41,1 65 94,2 85 82,8 682,2
Gns. luftfukt (%) 68 68 73 75 76 74 74 67 71 71 68 68 71
Gns. solskinstimar i månaden 71,3 86,8 127,1 153 207,7 264 291,4 263,5 207 145,7 96 68,2 1 981,7
Kjelde: Sinop Turkish State Meteorological ServiceWeatherbase[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sinop» (på tyrkisk). YerelNet. Arkivert frå originalen 9. august 2018. Henta 29. mai 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Sinope i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1917)
  3. http://www.weatherbase.com/weather/weatherall.php3?s=62071&refer=&einings=us&cityname=Sinop-Turkey

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]