Sint-Lucasgildet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bestyrerne av Sankt Lukasgildet i Haarlem. 1675
Måla av: Jan de Bray

Sint-Lucasgildet var namnet på eit gilde av kunstnarar og kunsthandverkarar i Nederlanda. Lauget hadde lokale avdelingar, mellom anna i Antwerpen, Utrecht, Delft og Leiden.

Kunstmålarar, glaskunstnarar, skulptørar, gravørar, boktrykkarar og kunsthandlarar kunne bli medlem av gildet. Alle medlemmane blei skrivne inn i medlemsbøker og desse bøkene er i dag viktige for kunnskap om den tidas kunstnarar og dermed for kunsthistorien.

Gildet er kalla opp etter evangelisten Lukas. Årsaka er at han skal ha laga eit ikon av eit bilete av Jomfru Maria, den såkalla «Svarte Madonna av Częstochowa».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]