Sipán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Šipan er òg namnet på ei øy i Kroatia.

Sipán er ein landsby i Lambayeque-regionen i Peru, kjend for eit viktig arkeologisk funn. Sipán var eit administrativt og religiøst senter i mochesivilisasjonen med i alt tre leirblokkpyramidar. Ein av pyramidane vart graven ut i 1987, og inneheldt eit urørt gravkammer med ein herskar frå Moche. Herskaren har vorte kalla kongen av Sipán eller Señor de Sipán på spansk.

Innleiinga til utgravinga i 1987 var ei utbreidd gravplyndring som leverte verdfulle gullgjenstandar til svartebørsmarknaden. Plyndringa vart stoppa og ein peruansk arkeolog fekk ansvaret for å undersøke pyramiden. Resultatet vart eit av dei viktigaste arkeologiske funna i Amerika nokon gong. I grava åt kongen av Sipán fann ein vaktarar og unge kvinner, til saman åtte andre personar. Der var òg to lamaer og ein hund. Der var mange gjenstandar, mellom anna naturtru miniatyrmenn av gull, kledde ut og pynta som kongar, krigarar og prestar. Der var meir enn 400 juvelar i grava. Funnet gav ny kunne om dagleg liv, og om sosiale og religiøse forhold.

Seinare vart det grave ut 11 andre gravkammer i pyramiden. Ein har datert funnet til om lag år 300 e.Kr.

Mange gjenstandar frå utgravingane kan ein sjå i Museo Tumbas Reales de Sipán i byen Lambayeque.

Littertur[endre | endre wikiteksten]

  • Maria Longhena, Walter Alva, The Incas and other Andean civilizations (1999)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]