Siping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siping si plassering i Jilin

Siping (kinesisk: 四平; pinyin: Sìpíng) er eit byprefektur i vest i provinsen Jilin i det nordlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 14 356 km² og i kring 3,39 millionar innbyggjarar (2009). I sjølve byområdet bur ca. 582 000 menneske. Ved folketeljinga i 2000 vart 91,6% av innbyggjarane i prefekturet registret som han-kinesarar, 7,3% som mandsjuar. Byprefekturet Siding består av to distrikt, to byfylke, eitt fylke og eitt autonomt fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Siping er stoppestad på den viktige jernbanelinja Jinghabana som går frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Kinas riksveg 102 går gjennom området. Han byrjar i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Undervegs er han, rekna frå søraust, innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun før han endar opp i Harbin. Kinas riksveg 303 går frå byen Ji'an i Jilin til Xilinhot i Indre Mongolia.