Sipylos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°34′0″N 27°72′0″E
Spil
Sipylos
fjell
none  Den gråtande steinen, tilknytt Niobe, på Sipylos
Den gråtande steinen, tilknytt Niobe, på Sipylos
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Mansia
høgd 1 513 moh
koordinatar 38°34′0″N 27°72′0″E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Spil (tyrkisk Spil Dağı), i antikken Sipylos (gammalgresk Σίπυλος) (1513 moh) er eit fjell som er rikt på segner og historie i provinsen Mansia i Tyrkia, i det som brukte å vere hjarte i Lydia og det som i dag er Egearregionen i Tyrkia.

Toppen ligg nær den moderne byen Manisa og vegen mellom İzmir og Manisa. Fjellet Yamanlar, som ligg ovanom İzmirbukta, har ofte vorte rekna som eit framhald av Sipylos-massivet, og deler mykje av historia til dette fjellet, sjølv om det i røynda er ein utdøydd vulkan med ei heilt anna geologisk soge.

Ein statue av Kybele skoren ut i stein frå seint på 1000-talet fvt. står nær Sipylus, fleire kilometer aust for Manisa. Fjellet vart rekna som ein av yndlingsjaktområda til modergudinna. I følgje ei gammal segn vart skulpturen skoren ut av Broteas, sonen til Tantalus.

Namnet Sipylos eller Sipylum er nemnd av Plinius den eldre, med støtte av andre kjelder, som staden der den kjende byen Tantalis låg [1] eller Tantalus. Byen låg på eller særs nær fjellet, og ruinane var visstnok synleg i tidlegare tider.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Perrot (2007) (på frans, engelsk). History Of Art In Phrygia, Lydia, Caria And Lycia p. 62 ISBN 978-1-4067-0883-7. Marton Press. 
  2. James George Frazer (1900-1913-1965). Pausanias, and other Greek sketches, later retitled Pausanias's Description of Greece ISBN 1-4286-4922-0, ISBN 978-1-4286-4922-4. Kessinger Publishing Company. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sipylos