Gilbert Thomas Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sir Gilbert Walker)
Gilbert Thomas Walker

Fødd14. juni 1868
Rochdale
Død4. november 1958
Coulsdon
NasjonalitetStorbritannia
Yrkefysikar, statistikar, meteorolog, universitetslærar
InstitusjonarImperial College London
Alma materTrinity College i Cambridge
Imperial College London
Whitgift School
MedlemRoyal Society

Gilbert Thomas Walker (14. juni 18684. november 1958) var ein britisk fysikar og statistikar. Han er best kjend for dei banebrytande arbeida over El Niño-fenomenet, og for å fremje studiet av klimaet i det heile.

Walker var etablert som anvend matematikar ved Cambridge University då han vart generaldirektør for observatoria i India i 1904. Mens han arbeidde der studerte han monsunen i Indiahavet, det at monsunregnet ikkje kom gav opphav til ein stor sveltkatastrofe i 1899. Etter å ha analysert store mengder data over dei neste femten åra publiserte han dei første skildringane av den sørlege oscillasjonen til det atmosfæriske trykket mellom Indiahavet og Stillehavet, og korleis dei korrelerte med temperaturen og regnet i tropane, m.a. i India. Dette heng saman med Walkersirkulasjonen, som seinare vart kalla opp etter han.

Walker heldt fram med studia av dei årvisse vêr- og klimaendringane etter at han vart pensjonert frå arbeidet i India (i 1924), og han tok imot eit professorat i meteorologi ved Imperial College London. Det opphavlege målet sitt, å spå svikt i monsunregnet, hadde han berre måteleg suksess med, men teoriane og materialet hans representerte viktige steg framover i arbeidet mot betre modellar for klimaet over heile verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]