Sirdølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sirdølen var ei nettavis med redaksjonslokale på Tonstad i Sirdal kommune i dåverande Vest-Agder fylke. Sirdølen tek mål av seg å vera lokalavis for Sirdal kommune og dalstroka innanfor. Ein sirdøl er ein som anten bur i Sirdal eller som kjem derifrå.

Avisa blei grunnlagd i 1973. Frå 1.1.2012 gjekk avisa over til å vera ei rein nettavis. Fram til då hadde avisa hatt om lag 1 800 abonnentar, og kome ut 15 gonger i året. Redaktør per 2012 var Oddvar Tjomlid.

Nedlegging[endre | endre wikiteksten]

Avisa Sirdølen melde sjølv om at ho ville leggja ned frå 01.06.2014.

Den 21.05.2014 meldte avisa sjølv at ho frå 01.06.2014 ville vera historie. Mangårig redaktør, og ildsjel, Oddvar Tjomlid skreiv i meldinga at årsaka til avgjerda var økonomisk usikkerheit og alvorlege helseproblem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]