Sirener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sirene på eit gresk gravmonument frå 1. hundreåret f.Kr.

Sirener er ein type nymfer i gresk mytologi som levde ved havet og lokka sjøfolk i døden med songen sin. Dei har delvis fugleform. Sirenene er kjend frå soga om Persefone og frå Odysseen. I klassisk og seinare oldtid blei sirenefigurar tidvis framstilt på gravmonument som symbol på udøydelegheit.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Far til sirenene er i dei fleste overføringar elveguden Akelous, medan ulike muser, som Melpomene, eller jordgudinna Gaia var mor deira. Dei var tenestejenter for Persefone, men då denne blei bortført til Hades blei dei gjeven delvis fugleham - anten som hjelp til å flykta sjølv eller flyga og leita etter henne, eller som straff for at dei ikkje hadde passa på henne. Dei slo seg ned på øya Anthemoessa ('Blomstrande').

Song[endre | endre wikiteksten]

Sirenesongen kunne få folk som høyrde han til å gløyma alt, og forgå. Dette skjedde anten ved at dei siglde på skjer og drukna, eller ved at dei gløymde å eta og svelta i hel.

Odyssevs blei åtvara mot sirenene då han skulle sigla forbi skjæra deira. Han sørgde for å unngå fara ved å fylla øyrene til sjøfolka sine med bivoks. Sjølv let han seg binda fast til masta slik at han kunne høyra den lokkande songen utan fare.

Også Orfevs klarte redda mannskapet sitt frå sirenene ved å vega opp for songen deira med sin eigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sirener

Kjelder[endre | endre wikiteksten]