Siri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Siri (fleirtyding)

Siri er eit nordisk kvinnenamn, skapt som ei samantrekking av det norrøne namnet Sigrid. Tydinga er den same som Sigrid, med namnedelane «sig» frå sigr, 'siger' og «rid» frå frídr, 'ven'.

Siri har norsk namnedag den 12. juni og svensk den 15. september.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet Siri har vore allment brukt i Noreg sidan seint i mellomalderen. Namnet har vore brukt ein god del på heile siste halvdelen av 1900-talet, med ein topp rundt 1985, då det blei gjeve til 0,8 % av nyfødde. Sidan har bruken gått jamnt nedover.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • I 1801 var om lag 6400 manntallsførte med namnet Siri i ein eller annan form (herunder òg Sirie, Sirii, Sirj, Sirri, Siry).
  • I 1900 var vel 1400 manntallsførte med namnet Siri.
  • Per 1.1.2009 hadde 8208 personar Siri til første fornamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk av namnet[endre | endre wikiteksten]

Om bord i fartøy utan toalett har Ho Siri vore namnet på dobøtta.[1]

«Siri» kan også vera ein annan skrivemåte for tittelen sri eller sjri, som blir brukt om noko eller nokon som er heilag i fleire sørasiatiske tradisjonar. Det kan i denne samanhengen også brukast som namn eller tittel av kvinner og menn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Gøthe Gøthesen: Norske kystens fraktemenn- Om seilfartøyer i kystfart 1980 ISBN 82-504-0415-7