Siri Nordby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Nordby


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1978 (45 år)
Noreg
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2007

Siri Kristine Nordby (fødd 4. august 1978) er ein norsk tidlegare fotballspelar som spelte sytten sesongar, 1996-2012, og over 300 kampar for Røa Idrettslag. Ho og Kristine Edner bidrog mykje til at Røa både vart, og vart verande ein toppklubb i norsk kvinnefotball. Nordby, som fekk EM-sølv med Noreg i 2005, spelte 43 landskampar i tida 2004-11.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nordby starta spele for Øvrevoll Ballklubb, men bytta til Røa i 1996. Sidan spelte ho i alle år for Røa, bortsett frå ein periode då ho var med på fotballaget til University of South Florida i USA. Dei fyrste åra, då Røa klatra opp gjennom seriesystemet, var ho angrepsspelar med stor suksess.

Etter ho i 2001 kom heim frå USA vart Nordby ein stadig viktigare spelar for Røa. Ho utvikla seg som spelar, frå 2004 på midtstopparplass. Saman med stopparkollega Marit Fiane Christensen la ho grunnen for Røa sitt sikre forsvarsspel. Allereie i sin fyrste sesong som midtstoppar var Nordby med på å vinne både serien og cupen for Røa. I cupfinalen 2004 skåra ho det fyrste målet.

Frå 2009 var Nordby kaptein i Røa. I 2010-sesongen var ho heilt avgjerande for kontinuiteten i klubben, ettersom Kristine Edner, Marit Fiane Christensen og Marie Knutsen var gravide mesteparten av sesongen og Lene Mykjåland var i USA. Røa lukkast å vinne sølv i serien og gå heilt til topp i cupspelet. I 2011 markerte Nordby seg mellom anna med presise frispark då Røa vart seriemeister.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nordby debuterte for Noreg den 24. juli 2004 i ein kamp mot Tyskland. Ho var med i den norske troppen som tok seg til finalen under fotball-EM 2005, men fekk lite speletid i sluttspelet i England.

Fyrst i 2007 erobra Nordby ein fast landslagsplass. I 2008 var ho med då Noreg vart nummer fire i fotball-VM i Kina. Ho skåra sitt fyrste landslagsmål 3. mai 2008 mot Israel i sin 34. kamp for landslaget. Sidan skåra ho på straffe trøstemålet i kvartfinalen mot Brasil under sommar-OL 2008 i Beijing.

I oktober 2008 erklærte Nordby og fire andre Røa-spelarar; Marie Knutsen, Guro Knutsen, Lene Mykjåland og Marit Fiane Christensen, offentleg at dei var ferdig med landslaget. Dei uttrykte misnøye med landslagsleiinga. Bjarne Berntsen var då landslagssjef. Sidan fekk Nordby eit innbyte i ein privatlandskamp mot Finland i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]