Siri Dokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Siri Dokken (fødd 5. juli 1966 i Bærum) er ein norsk avisteiknar og illustratør.

Siri Dokken er utdanna ved SHKS og har arbeidd som illustratør for bokforlag og reklamebyrå sidan 1991. I 1994 utgav ho teikneserien Kongens menn saman med tekstforfattaren Baard Enoksen. Ho var avisteiknar i vekeavisa Dag og Tid i 1994, men har sidan 1995 teikna fast for Dagsavisen. Teiknestilen hennar er kjenneteikna av ein flytande, sikker pennestrek.

I 1994 fekk Dokken og Baard Enoksen Sproing-prisen for teikneserien Kongens Mann. I 2005 mottok Siri Dokken den prestisjetunge «EWK-prisen» for avisteikningane sine. Prisen blir delt ut av det svenske EWK-sällskapet og er oppkalla etter avisteiknaren Ewert Karlsson (1918-2004).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]