Sissel Kyrkjebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø (fødd 24. juni 1969 i Bergen) er ei norsk songarinne. I Noreg er ho kjent for ei rekkje plateutgjevingar og konsertar frå midten av 80-talet og framover.

Kyrkjebø vart introdusert for Rune Larsen i 1983. Larsen tilbaud henne platekontrakt og vart Kyrkjebø sin fyrste manager. Ho gav ut dei tre fyrste cd-ane sine, Sissel, Glade jul og Soria Moriaplateselskapet Noah, Larsen sitt selskap. Glade jul vart ein enorm salssuksess. Plata sette ny norsk rekord med meir enn 500 000 selde eksemplar. Under finalen i Eurovision Song Contest 1986 i Bergen song ho «Utsikt fra Ulrikken» som pauseinnslag i Grieghallen i Bergen.

Internasjonalt er ho mest kjent for å ha sunge OL-hymnen under OLLillehammer, duettane med Plácido Domingo, julekonsertar i Wien og Moskva samt for å ha medverka til musikken til filmen Titanic. Ho har også sunge duett med Espen Lind, og samarbeidd med hip-hopparen Warren G. Dei siste åra har ho samarbeid mykje med Odd Nordstoga.

Ho vart gift med danske Eddie Skoller i 1993, og budde lenge i Danmark med han. I 2004 vart dei separerte.[1]

Sissel Kyrkjebø vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden den 2. februar 2006. Under Spellemannsprisen i 1986 vart ho Årets spellemann, og i 2006 fekk ho juryen sin heiderspris. I 2011 vann ho Gammleng-prisen i open klasse.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sissel (Noah, 1986)
  • Glade jul (Noah, 1987)
  • Soria Moria (Noah, 1989)
  • Den lille havfruen (Walt Disney Records, 1989) norsk soundtrack
  • Gift Of Love (Stageway, 1992)
  • Innerst i sjelen (Mercury, 1994)
  • Deep Within My Soul (Polygram USA, 1995)
  • Christmas In Vienna III (Sony Classical Austerrike, 1995) m/Placido Domingo og Charles Aznavour
  • Titanic: Music From The Motion Picture (Sony Classics USA, 1997) original soundtrack
  • Fire In Your Heart The Best Of Sissel (Mercury, 1998) samleplate
  • Back To Titanic (Sony Classics USA, 1998) original soundtrack
  • Vestland, Vestland (Japan, 1999)
  • All Good Things (Mercury, 2000)
  • The Best Of Sissel (Universal Japan, 2000)
  • Sissel In Symphony (Mercury, 2001)
  • Sissel In Concert: All Good Things (Decca USA, 2002)
  • My Heart (Decca, 2003)
  • Nordisk vinternatt (2005)
  • Into Paradise (2006)
  • De beste, 1986-2006 (2006)
  • Northern Lights (USA, 2007)
  • Strålande jul med Odd Nordstoga (2009)
  • Til deg (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]