Siste sundag i kyrkjeåret
Siste sundag i kyrkjeåret fell mellom 20. og 26. november.
Dagen vert i Den norske kyrkja òg kalla domssundag, fordi preiketekstane minner om at Kristus skal komme att for å halde dom over levande og døde, og domaren seier at «Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, har de heller ikkje gjort mot meg».[1]
Krist kongefest [endre]
I Den katolske kyrkja har det vore vanleg å feire den siste sundagen i kyrkjeåret som Kristi kongefest. Kristi kongefest er den yngste av idéfestane til Kristi ære i kalenderen. Festen vart innført av pave Pius XI i 1925 som eit motstykke til sekularismen i tida og som ein protest mot allmakta til statane.
Kyrkjer som feirar Kristi kongefest, kan velje å nytte kvit liturgisk farge, sjølv om den vanlege liturgiske fargen denne sundagen er grøn.
Kjelder [endre]
- «Siste søndag i kirkeåret: Kristi Kongefest» ved katolsk.no