Sisu Auto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Oy Sisu Auto Ab
Skipa 1931
Type Dotterselskap
Land Finland
Hovudkontor Raseborg
Produkt Lastebilar og pansra køyretøy
Eigd av Oy Suomen Autoteollisuus Ab
Nettstad www.sisuauto.com
Sisu dumparbil.
Sisu tømmerbil i Karis.
Sisu XA-180 i Sør-Libanon.
Sisu brannbil i Helsingfors. Med Renault-førarhus.
Renault lastebil (for samanlikning av formgiving på førarhus).

Oy Sisu Auto Ab er ein finsk produsent av lastebilar og pansra køyretøy.

Soge[endre | endre wikiteksten]

  • I 1931 stifta Karl Arthur Nordgrén, Emil Anton Winckelmann og Lars Wilhelm Åberg Oy Suomen Autoteollisuus (Finsk bilindustri AS) [1]. Namnet Sisu, som tyder sterk og uthaldande, kom til ved at det i 1932 vart utlyst ein konkurranse. Tor Nessling vart tilset som utviklingssjef og i 1932 vart han generaldirektør for føretaket, der han vart i fire tiår. Frå starten vart det produsert lastebilar.
  • I 1938 var den fyrste prototypen til eit militært pansra køyretøy ferdig .
  • 1939 fekk Tor Nessling aksjemajoriteten i føretaket[2]
  • I 1943 vart Yhteissisu Oy stifta i Fleminginkatu i Helsingfors, med føremål å produsera køyretøy til det finske forsvaret. Det var planlagt ein serie på rundt 7000 einingar i fyrste omgang, men på grunn av forseinkingar kansellerte forsvaret ordren i 1948.
  • I 1945 vart dei fyrste prototypane til Yhteis-Sisus vart ferdige og serieproduksjon starta året etter. Det vart produserte både bussar, lastebilar og spesialkøyretøy på bestilling.
  • I 1948 vart Sisu delt opp i Vanajan Autotehdas Oy (VAT) og Oy Suomen Autoteollisuus Ab (SAT), og Yhteissisu overtok teikningane til den siste lastebilen (Sisu S-21). SA produserte ikkje lastbilar dei neste fem åra.
  • I 1949 vart den fyrste lastebilen med bakløft produsert.
  • I 1958 kom føretaket med ein løftbar boggi, som dei hadde utvikla.
  • I 1960 vart vart Oy Karia lagt saman med Oy Suomen Autoteollisuus Ab. Sisu de Colombia Limitada stifta og eksporten av lastebilar til Sør-Amerika tok til.
  • I 1961 vart det bygd ein ny monteringsfabrikk på 150 000 m2 i Karjaa.
  • I 1962 kom Sisu KB-112, som var den fyrste europeiske lastebilen med hydraulisk tippbart førarhus.
  • I 1963 kom Sisu KB-117, som var den fyrste serieproduserte lastebilen i Europa med tippbart førarhus.
  • 1965 tok Sisu, som den fyrste europeiske lastebilprodusenten, til å produsera snutebilar med skjermar og panser av forsterka plastmateriale.
  • I 1968 vart VA og SA samanslegne under namnet Suomen Autoteollisuus.
  • 1971 vart Voimavaunu OY (stifta i 1929) lagt saman med Suomen Autoteollisuus.
  • I 1981 bytta Suomen Autoteollisuus namn til OY Sisu-Auto AB.
  • I 1985 vart OY Sisu Auto AB heilt og fullt eit statseigd føretak. Same året vart bussproduksjonen nedlagt og ein ny akslingfabrikk vart opna i Hämeenlinna.
  • I 1988 vart det starta produksjon av 5-aksla lastebilar.
  • I perioden 1989 til 1995 eksisterte Sisu Racing, som vann tre europeiske meisterskap (1991 til 1993).
  • I 1993 var terminaltraktorprodusenten Ottawa Truck Corporation i USA kjøpt.
  • 1. mai 1994 vart Valmet OY, som mellom anna produserte traktorar og skogsmaskinar, innlemma i Sisu. Forretningsområda vart Sisu Tractors, Sisu Terminal Systems, Sisu Logging, Sisu Trucks, Sisu Defence, Sisu Components og Sisu Factory Automation. Etter dette stod lastebilproduksjonen for berre 10 % av omsetninga.
  • I 1995 vart akslingproduksjonen skild ut som eit eige føretak, men namnet Sisu Akselit Oy.
  • I 1996 vart Sisu, som då var eit heileigd statsselskap, splitta opp i fleire uavhengige føretak[2]:
    • Den militære eininga vart lagt til Patria Industries.
    • Sisu Terminal Systems, Sisu Truck and Sisu Axles vert selde til Partek Oyj, der staten var deleigar.
  • I mars 1996 vart OY Sisu Auto AB ISO 9001-godkjent og AQAP 110-godkjent (AQAP er ei godkjenning for produksjon av utstyr til NATO).
  • I august 1996 vart alle aksjane i Sisu Defence OY overførte til staten.
  • Den 20. januar 1997 underskreiv Sisu og Renault ein kontrakt om at OY Sisu Auto AB selde 50 % av aksjane sine i RS Hansa Auto OY til Renault V.I. Det vart òg signert ein avtale om komponentsamarbeid Sisus eksport-marketing blei også ingått mellom dei to firmaa. Hansa Auto OY vart med dette ein sals- og vedlikehaldsavdeling for Sisu- og Renault-lastebilar. Sisu og Partek fusjonerte[2].
  • Den 22. januar vart det inngått ein førebels avtale mellom Sisu og Partek. Aksjemajoriteten i Sisu vart overført til Partek i april.
  • I 1999 vart dei fyrste 1000 Sisu-lastebilane med førarhus frå Renault produserte.
  • I 2000 selde Renault VI 50 % av aksjane sine i Hansa Auto til Sisu, slik at Sisu Auto eigde heile Hansa Auto. Sisu Auto og Renault fortsette samarbeidet og Sisu Auto vart offisiell importør av Renault-lastebilar i Finland.
  • I 2001 vart Hansa Auto innlemma i Sisu Auto. Sisu-merket feira 70-års-jubileum.
  • I 2002 fekk Sisu sin den største eksport-ordren dei nokon gong hadde fått; 110 Sisu E 12 6x4 tunge semitrailartrekkvogner til den franske hæren. Same år vart Partek seld til Kone og Sisu Auto vart 100% eigd av Kone.
  • I 2004 selde Kone Sisu Auto til Suomen Autoteollisuus OY, som var eigd av ei investorgruppe. Dette førte til at den finske transportsektoren vart lagt saman med leiinga i Sisu Auto. KONE hadde framleis aksjemajoriteten i Suomen Autoteollisuus OY.
  • I 2006 feira Sisu 75-års-jubileum som merke, sjølv om eigartilhøva har vore skiftande opp gjennom åra.
  • I 2010 vart føretaket kjøpt av Olof Elenius og Timo Korhonen .

Kjelde[endre | endre wikiteksten]