Sitat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav Nygard-sitat på veggen til ei blokk i Ulsrud Borettslag i Oslo.

Sitat (frå latin citatum, av citare, 'kalle fram') er ei ordrett attgjeving av noko som er blitt sagt eller skrive tidlegare. Ofte er sitatet ein kortare del av eit større utsegn eller stykke. Det siterte utsegnet kan markerast i skrift med sitatteikn, kolon eller liknande og ein referanse til opphavsperson og kjelde. I munnleg sitering kan ein markera sitat med formuleringar som «Cicero sa...», «farmor seier alltid...», «...sa presten», «som det står i...» og så bortetter. Nokre sitat blir oppattekne så ofte at dei går inn i språket som ordtak, og blir då gjerne brukte utan å visa til opphav.

Sitat frå Wikipedia brukt som lysbilde under ei førestilling.
Bibelsitatlatin utanfor ei kyrkje i Karlova Studánka i Tsjekkia.
Bilete med eit lett omskrive sitat av Horats.

Sitat blir nytta på ei rekkje område, som i daglegtale, talar, foredrag, intervju, reportasjar, artiklar og bøker. Sitat kan også inngå som del av arkitektur, biletkunst eller i drama- eller musikkstykke. Sitering kan vera eit viktig verkemiddel som gjev tyngde til det ein seier ved å støtta seg på andre. Sitat kan også fungera som dekorasjon eller som tankevekkjar. På fleire område finst det reglar for korleis ein kan bruka sitat. Både innan akadamisk skriving og ved skaping av andsverk må ein oppgje kjelde for sitat for å unngå plagiat.

Ei sitatsamling blir ofte kalla «bevingede ord». Ei større, systematisk ordna samling av sitat blir kalla sitatleksikon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bruk av sitat

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

På norsk[endre | endre wikiteksten]

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]