Sithonía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sithonía
Lokalt namn: Σιθωνία
Geografi
2011 Dimos Sithonias.png
Stad Makedonía
Koordinatar 40°13′N 23°41′EKoordinatar: 40°13′N 23°41′E
Areal 514,7 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Khalkidikí
Hovudsete Nikíti (2 711 innb.)
Demografi
Folketal 12 394 (2011[1])
Folketettleik 24,0 /km²

Sithonía (gresk Σιθωνία) er ei halvøy og ein kommune i periferieininga Khalkidikí i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Sithonía ligg sør på den sentrale delen av Khalkidikí, med Kassándrahalvøya i vest og Áthoshalvøya i aust.

Vest for halvøya ligg Singitikóbukta og i aust Toronéobukta. Fjellet Ítamos eller Dragoundélis ligg midt på halvøya. Av stader på Sithonía ligg den antikke byen, slottet og kyrkja Ájos Athanásios i Toróni, vindmøllene i Sykiá og kyrkja frå 1500-talet i Nikíti. Pórto Koufó, er den største og tryggaste av dei naturlege hamnene i Hellas, og vert nemnd av Thoukididis som ei «heilag hamn».

Landskapet er dekt av skog, grassletter og fjell.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Sithonía, no kommunaleininga Sithonía

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommmunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Néos Marmarás Sithonía 3 158
Nikíti Sithonía 2 711
Sykiá Toróni 1 903
Ájos Nikólaos Sithonía 1 714
Sárti Toróni 1 156
Metagítsi Sithonía 802
Toróni Toróni 213

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]