Sittellaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sittellaer


Stripesittella, Daphoenositta chrysoptera
Stripesittella, Daphoenositta chrysoptera

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Neosittidae
Slekt: Daphoenositta
Artar
Vitskapleg namn
Daphoenositta
Dei Vis, 1897

Sittellaer er ei biologisk slekt Daphoenositta av to anerkjente artar sporvefuglar som lever i Australasia, spesielt på Ny-Guinea og det australske kontinentet. Dei liknar spettmeiser, og gjennom mange år var dei tidlegare rekna å vere innanfor den biologiske familien. No er dei tildelt sin eigen familie Neosittidae. Dei er ikkje trekkfuglar, men gjer lokale streif. Sittellaer er små skogsfuglar med tynne spisse nebb som dei nyttar til å få ut insekt frå bork. Reira er opne og koppforma i forgreiningar på tre.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Nebbet til stripesittella peikar litt opp

Dei to artane av sittella er små sporvefuglar som liknar spettmeiser i utsjånad.[1] Vengene er lange og breie, men familien har generelt svak evne til flyging, noko som kan forklare den manglande kolonisering av eigna habitatøyar som Tasmania. Beina er korte med lange tær, men trass levemåten viser dei liten tilpassing til klatring. Dei har kort hale og er mellom 10-14 cm i lengd og 8-20 g i vekt. Svartsittella tenderar til å vere litt større og tyngre. Nebbet er dolkforma hos svartsittella og litt oppeikande hos stripesittella. Fjørdrakta av svartsittella er for det meste svart med raudt andlet, stripesittella har meir mangslungen fjørdrakt, med mange underartar som har variasjonar over temaet. Nokre underartar har heilt svarte hovud, andre kvite, og andre mørke kroner og bleikare strupe. Ryggen på dei fleste underartane er grå med mørkare venger, og undersida er generelt stripete eller kvit. Alle sittellaer syner noko kjønnsdimorfisme i fjørdrakta.

Vokalisering[endre | endre wikiteksten]

Lydytringar frå sittellaer er generelt enkle og ukompliserte. Tilsynelatande har ikkje familien trong for territorial song, det meste er enkle kontaktrop til å halde flokken samla.[1] Den mest høyrde lyden er alarmrop, men det eksisterer òg eit samlingsrop til å kalle saman gruppa, og dessutan eit tiggekall frå hofuglar i samband med paring.

Habitat og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sittellaer er sosiale og generelt urolege fuglar med leveområde i kratt og skogsområde. I Australia unngår dei berre tett regnskog, på Ny-Guinea derimot er regnskogen einaste habitat dei lever i, her unngår dei berre låglandsskogen. Dei er standfuglar med låg tettleik, mellom 0,1 til 0,6 fuglar per hektar. Sittellaer er generelt mykje sosiale, vanlegvis dannar dei grupper på fem eller fleire individ, og lever berre meir sjeldan i par. Innanfor gruppene er gjensidig fjørstell vanleg, og på kvelden vel gruppene kvileplass i fellesskap òg. Kvileplassane er vanlegvis høgt i tre på svakt hellande daude greiner. Alle fuglane i gruppa sit tett inntil kvarandre, og vendt same retning.[2]

Kosthald og føde[endre | endre wikiteksten]

Vektigaste komponentar i kosthaldet til sittellaer er insekt og andre leddyr.[1] I ein studie i New South Wales var vaksne biller den vanlegaste komponenten hos stripesittella. Særleg favorisert var snutebiller, Curculionoidea, marihøner, bladbiller, Chrysomelidae, og smellarar, Elateridae. Ein ytterlegare fjerdedel av dietten var samansett av edderkoppar og teger. Dessutan var møllarver, grashopper, termittar, kvefs og bier med i dietten. Samanlikna med andre australske fuglar i liknande nisjar tok stripesittella lite maur. Prosentvis mengd av eit element i føda varierer tilsynelatande geografisk og sesongmessig, til dømes fann ein annan studie at billelarver tok opp 87 % av dietten. Dietten av svartsittella har vore lite undersøkt, men mageinnhaldet av ein som vart undersøkt inneheldt sommarfugllarver og edderkoppar.

Sittellaer beitar på horisontale greiner og trestammar. Eteteknikkar har vorte skildra som snar hopping langs ei horisontal grein, med korte pausar til å kike etter byttedyr, no og då under greina, men vanlegvis på oversida. Mesteparten av tida blir brukt på greinene i staden for på stammane. Fuglar på stammane kan vandre oppover eller nedover. Dei beitar vanlegvis oppe i trekroner. Det er kjønnspesifikke skilnader i beiteteknikk, kjønna vel å beite på litt ulike mikrohabitat innanfor treet.[1] Til dømes plukkar dei vanlegvis rett frå borken, men i nokre fall kan sittellaer sitte på greiner for å snappe byttedyr i lufta. Etter å ha fanga byttedyr vil sittellaer bruke føtene til å halde det medan dei et av det, på ein liknande måte som papegøyar. Dei vil òg bruke føtene for å halde oppe strimlar av bork for å lirke nebbet under borken. Det har òg vore isolerte rapportar om bruk av verktøy i einskilde bestandar av sittellaer.[3] Pinnar vart brukte til å lirke billelarver ut av holrom, på ein liknande vis som spettsporv nyttar verktøy på Galapagosøyane.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Ein har svært lite informasjon om hekkevanar blant sittellaer på Ny-Guinea. Populasjonar av stripesittella i Australia har samarbeidande hekking[4] og det kan vere ein føresetnad for å oppnå vellykka hekking. Det har vore observert tilfelle av to hofuglar som deler same reiret.

95 % av reira funne i ein studie i New South Wales var i eukalyptus, særleg var arten Eucalyptus macrorhycha mykje brukt. Reira låg nesten alltid høgt i trea. Reirbygginga tok rundt 7 dagar, fôring og pynting av reiret eit par dagar i etterkant. Oppgåvene vart fordelt innanfor gruppa, og byggetida varierte med talet på fuglar som var involvert. Reiret er som regel plassert i forgreiningspunkt mellom to greiner, og er ein djup kopp dekorert og kamuflert med bork frå treet han er bygd i. Dei legg rundt 2-3 egg, rugetida er 19-20 dagar.[4] Medan hoa rugar vil hannen og hjelparar mate ho. Etter klekking vil hoa varme ungane eit par dagar, og inntil to veker om natta. Ungane blir mata for 19-20 dagar i reiret. Etter at ungane er flygedyktige har ein langvarig periode med omsut som varar opp til 80 dagar, men 60 dagar er meir vanleg.

Evolusjon og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Dei sanne evolusjonære slektstilhøva rundt sittellaer har lengje vorte skoddelagt av den nære likskapen dei har til spettmeiseneden nordlege halvkula.[1] Så seint som i 1967 vart sittellaer haldne i spettmeisfamilien av nokre autoritetar, jamvel om plasseringa var omstridt fleire tiår før det. Både klatreteknikken og generell morfologien er mykje lik, men dei skil seg både sosialt og i val av reirplass, sittellaer byggjer reiret på greiner medan spettmeiser hekkar i holrom i tre. I tillegg varierer detaljar i morfologi av beina: sittellaer har musklar meir lik det ein finn hos honningetarar. Plasseringa deira vart deretter flytta til ulike familiar, inkludert songarar, eit kjent oppsamlingstakson, trekryparar (Certhiidae, utbreiing spenner over Holarktis og Afrika) og australske borkkryparar, Climacteridae. Sittellaer har no sin eigen familie innanfor ein klade nær bærfuglar, Melanocharitidae og plystrarar, Pachycephalidae.[1]

Sittellaer inneheld ei einskild slekt, Daphoenositta, med berre to artar. Dei to artane vart tidlegare rekna for å vere to slekter. Den vanlegaste arten, stripesittella, var ein gong var tenkt å representere fleire separate artar, men trass stor variasjon i fjørdrakta er dette taksonet no antatt å vere ein einskild art med elleve underartar. Svartsittella har tre anerkjende underartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ss. 628-639 Family Neosittidae (Sittellas). ISBN 978-84-96553-42-2. 
  2. Noske, RA (1. januar 1985). «Huddle-roosting behaviour of the Varied Sittella Daphoenositta chrysoptera in relation to social status». EMU 85 (3): 188-194. doi:10.1071/MU9850188. 
  3. Green, C. (1972) "Use of tools by Orange-winged Sittella". Emu 72 (4): 185-186
  4. 4,0 4,1 Noske, Richard A. (1. januar 1985). «Social Organisation and Nesting Biology of the Cooperatively-breeding Varied Sittella Daphoenositta chrysoptera in North-eastern New South Wales». EMU 98 (2): 85-96. doi:10.1071/MU98009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]