Siv Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siv Jensen i 2008
Foto: Kjetil Ree

Siv Jensen (fødd 1. juni 1969 i Oslo) er ein norsk politikar og leiar av Framstegspartiet sidan mai 2006. Ho vart vald inn på Stortinget i 1997 og vart gjenvald i 2001 og 2005. I perioden 2001–2005 var ho leiar av finanskomiteen, medlem i den utvida utanrikskomiteen og Stortinget sin valkomité, og varamedlem i Stortinget sin delegasjon for forbindelsar med Europaparlamentet. Frå 2005 har ho plass i utanrikskomiteen.

Jensen er utdanna diplomøkonom frå Noregs Handelshøgskule si kursverksemd (NHHK). Sidan 1999 har ho vore fyrste nestformann i Framstegspartiet. Jensen tok over som parlamentarisk leiar i FrP etter Carl I. Hagen 5. oktober 2005. Ho tok òg over som partiformann då Carl I. Hagen gjekk av 6. mai 2006.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Siv Jensen
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.