Sivert Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivert Strøm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1819
Øyestad
Død

13. november 1902 (83 år)
Oslo

Yrke advokat, politikar
Språk norsk
Medlem av Klubselskabet Harmonien

Sivert Christensen Strøm (19. august 181913. november 1902) var ein norsk jurist og politikar, stortingsrepresentant i fem valbolkar og borgarmeister i Trondheim. Han var far til Boye Strøm.

Strøm var fødd i Øyestad, far hans var sjømann og kaptein i kyst- og utanriksfart. Sjølv vart han student i 1841 og uteksaminert frå universitetet i Christiania som candidatus juris i 1845. Dei neste ti åra var han fullmektig hos fut i det nordafjeldske, frå 1856 overrettssakførar på Kongsvinger. År 1859 vart han utnemnd til sorenskrivar i Nordre Østerdalen, med bustad på Tynset. I 1867 tok han over som borgarmeister i Trondheim etter Emil Aubert. Dette embetet hadde han i 25 år.

Strøm vart vald til stortingsrepresentant for Hedemarkens amt i periodane 1859-60, 1862-64 og 1865-66. Seinare, 1871-73 og 1877-79, representerte han valkrinsen Trondhjem og Levanger. Han var medlem 1859-60, 1871-73 og 1877-79 av Lagtinget, sekretær i same 1862-63 og 1864, samt 1865-66. Elles var han medlem 1859-60 av militærkomiteen, og 1862-63 og 1865-66 av justiskomite nr 1. Formann 1871-73 i justiskomite nr 1 og 1877-79 i justiskomiteen.

1871-84 var Strøm medlem av styret (direksjonen) i Noregs Bank. Han var medlem av dei kongelege kommisjonane om vernepliktslova 1864, sportellønna embete 1866 og myntvesenet 1872.

Strøm kjøpte i 1874 garden Gløshaugen i Trondheim. Her budde han fram til han i 1896 selde garden til den norske staten. Sidan budde han i Kristiania, der han døydde i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914