Sivilombodet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sivilombodsmannen)
Sivilombodet

TypeOmbodsmann
Org.nummer974 761 270
Skipa22. juni 1962
HovudkontorAkersgata 8, Oslo
SivilombudsmannAage Thor Falkanger[1]
VerkeområdeNoreg
Tilsette64 (i 2015)[2]
EigarskapStortinget
Nettstadwww.sivilombudet.no

Sivilombodet, tidlegare Sivilombodsmannen (formelt Stortingets ombodsmann for forvaltninga), er Stortinget sin ombodsmann for den sivile forvaltninga. Sivilombodsmannen har til oppgåve å sikre at offentlege styresmakter (kommune, fylkeskommune og staten) ikkje gjer urett mot den enkelte borgaren.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Sivilombodsmannen kontrollerer den offentlege forvaltninga på grunnlag av klager frå folk som meiner at det er gjort urett og feil mot dei frå forvaltninga si side. Både statleg, kommunal og fylkeskommunal forvalting ligg under ombodsmannen sitt saksområde. Ombodsmannen kan òg ta opp saker av eige tiltak, altså utan at det ligg føre klage frå andre.

Det kostar ikkje noko å klage til Sivilombodsmannen. Alle kan gjere det ved å fylle ut eit klageskjema eller ved å skrive eit brev. Klaga må alltid vere skriftleg. Straks klaga er komen inn, går ein saksførehavar gjennom ho og vurderer om det ligg til ombodsmannen å handsame ho. Dersom saka ikkje kan handsamast, får klagaren ei grunngjeve melding om dette innan to veker.

Kjem ombodsmannen til at det er grunn til å sjå nærare på saka, får klagaren eit førebels svar før det vert vurdert om saka skal takast opp med det forvaltningsorganet som klaga gjeld. Er det etter ombodsmannen sitt syn grunnlag for nærare gransking, får forvaltningsorganet høve til å svare på klaga og på eventuelle spørsmål som ombodsmannen har stilt i tillegg. Klagaren får deretter høve til kommentere svaret frå forvaltningsorganet. Ombodsmannen vil til slutt seie si meining om saka. Eventuell kritikk frå ombodsmannen er ikkje formelt bindande for forvaltningsorganet, men det er praksis for at forvaltningsorganet vil fylgje tilrådingar og rette seg etter kritikk frå ombodsmannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]