Sivriada

Koordinatar: 40°53′N 28°58′E / 40.883°N 28.967°E / 40.883; 28.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivriada som sett frå Burgazada

Sivriada (gresk Ὀξεία}, Oχeia) er ei av Prinseøyane i Marmarahavet nær Istanbul.

Øya, som har eit areal på 0,05 km², er offisielt eit nabolag i distriktet Adalar i Istanbul i Tyrkia.

Sivriada vart ofte nytta av prestestanden i Austromarriket som ein stad for fredfull tilbeding, og av dei austromerske keisarane som ein stad for å sende bort brysomme personar. Den første kjende personen som sat fanga på øya etter ordre frå keisar Nikeforos I var Platon av Sakkoudion, onkelen til den kjende presten Theodoros Stoudites, for å ha støtta nevøen sin i konflikten med keisaren. Andre kjende folk som har sete i eksil på øya av religiøse og politiske årsaker var Gebon, Basil Skleros, Nikeforitzes (sjefsministeren til Mikael VII Doukas), partiark Johannes av Konstantinopel og patriark Mikael II av Konstantinopel.

Ruinane av ein romersk busetnad og eit austromersk kloster frå 800-talet er framleis synleg på kysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

40°53′N 28°58′E / 40.883°N 28.967°E / 40.883; 28.967