Sivsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivsporv
Sivsporv hann
Sivsporv hann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Sivsporv
Utbreiinga av Sivsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Sivsporv E. schoeniclus
Vitskapleg namn
Emberiza schoeniclus

Sivsporv (Emberiza schoeniclus) er ein fugl som høyrer til familien busksporvar.

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Oversida er svart med breie, brunaktige fjørkantar, stjerten er svartaktig. Hovudet og strupen er svarte på hannen, med kvit halsring. Hoa har ingen kvit halsring. På henne er oversida av hovudet samt øyredekkfjørene småflekkete av svart og brunt. Begge kjønn har kvitt langs undersida, og oppe på sidene er der langsgåande brunaktige flekkar. Fuglen si lengde er 14-16 centimeter. Songen er eit ganske monotont gjenteke zripp zripp zryy.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vaksen ho i hekkedrakt fotografert i Finland.

Sivsporven finst i heile Europa og delar av Asia. Fuglen held til ved myrer og våtmarker opp til og med bjørkebeltet og så langt nord som der er skog. Han er flyttfugl unnateke sør i utbreiingsområdet, og overvintrar i Sør-Europa.

Førekomst i Noreg og trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Sivsporven er utbreidd over heile landet, spesielt i fuktige område i bjørkebeltet. Han går iblant opp i vierregionen. I låglandet i Sør-Noreg er han knytt til næringsrike innsjøar samt ved elvar og fjordarmar der det er siv og takrør. Sivsporvane reiser frå landet frå midt i august fram til midten av oktober. Dei kjem attende frå slutten av mars fram til midt i mai. Til bjørkebeltet kjem dei sjeldan før slutten av april.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Reiret vert lagt på eller nær marka, i ei tue eller under gras. Dei 4-6 egga er brungrå med svartaktige teikningar. Sivsporven får ofte to kull i mai og juni og begge foreldra hjelper til med ruginga som varer 13-14 døgn.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Sivsporven et mest insekt om våren og sommaren, men også ein del edderkoppar. Resten av året et han mykje frø.

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Nedgang i bestandane i Sverige og Storbritannia blir forklarte med redusert tilgang til føde i overvintringsområdene. Av faktorar i så henseande blir nemnde reduserte areal med stubbåkrar og mindre ugressfrø på grunn av ugressbekjempelse. På hekkeplassane kan drenering av våtmarker, kanalar og liknande bidra til nedgang i bestandane.[1]

Konklusjon: Sivsporv blir vurdert som livskraftig LC, på bakgrunn av overvakingsdata. Årsaka til endring av kategori frå Rødlista 2015, der arten vart vurdert som nær trua NT, er stabilisering av bestanden. Gitt bestandsnedgangen i nabolanda våre bør ein følgja nøye med på utviklinga òg i Noreg.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Fugleatlas, 1994.
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sivspurv Emberiza schoeniclus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sivsporv
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Emberiza schoeniclus