Sjálvstýri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjálvstýrisflokkurin)
Sjálvstýri

LandFærøyane
Grunnlagt1909
HovudkvarterTórshavn
Ideologiliberalisme, Sosialliberalisme, autonomisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata

Sjálvstýrisflokkurin, norsk Sjølvstyrepartiet, (ofte kalla Sjølvstendepartiet/Selvstendighetspartiet), er eit sosialliberalt politisk partiFærøyane. Ved siste val, i 2011, fekk partiet 4,2 % av røystene, og 1 representant i Lagtinget (av 33). Partileiaren heiter Jógvan Skorheim. Partiet har generelt arbeidd for større færøysk sjølvstyre, og går i dag inn for sjølvstende for Færøyane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstyrerørsla spring ut av foreininga Føroya Framburdsfelag, som samla dei færøyske nasjonale kreftene etter julemøtet i Lagtingshuset i 1888. Partiet har vore representert i Lagtinget sidan 1906, sjølv om det ikkje vart formelt stifta før i 1909. Den første leiaren var Jóannes Patursson.

Eit av hovudpunkta for partiet i starten vår å arbeida gjennom Lagtinget for å oppnå så stor innflyting og sjølvstende som mogleg, i forståing med den danske regjeringa og riksdagen. Fram til 1918 var partiet i mindretal, men fekk ved lagtingsvalet det året for første og einaste gong reint fleirtal med 11 mandat mot Sambandsflokkurin sine 9. Partileiaren J. Patursson vart deretter Færøyane sin representant i det danske Landstinget. Etter at det andre nasjonale partiet, Fólkaflokkurin, vart oppretta i 1940, mista partiet ein stor del av si politiske påverkning.

Partiet har, etter at det har vore med på å oppnå anerkjenning av det færøyske språket og sjølvstyrelover, ført ein moderat nasjonal politikk. Det er ofte i vippeposisjon når det skal skipast ny regjering.

Valresultat 1984-2015[endre | endre wikiteksten]

Årstal Mandat Røyster
1984 2 8,5 %
1988 2 7,1 %
1990 3 8,8 %
1994 2 5,6 %
1998 2 7,7 %
2002 1 4,4 %
2004 1 4,6 %
2008 2 7,2 %
2011 1 4,2 %
2015 2 4,0 %

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]