Sjösa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°46′38.842″N 17°5′16.296″E Sjösa er ein svensk herregard og ein tettstad i Nyköpings kommun i Södermanlands län i Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 477 innbyggjarar.

Sjösa jernbanestasjon var i drift frå 1913 til 1931, ved Nyköpingsbanen, 7 km frå sentralstasjonen til Nyköping og 50 km frå Järna.

Sjösa gard[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegast kjende eigarane var Jakob Olofsson Djäkn og hustrua hans Ingeborg Magnusdotter, som i 1385 selde jord i Sjösa til Bu Jonsson (Grip). Midt på 1700-talet vart godset kjøpt av ein Hildebrand, som på 1760-talet selde det til generalmajoren friherre Fabian Löwen, eigar av Häringe i Västerhaninge. Han gjorde både Sjösa og Häringe til fideikommiss for borna sine. Sonen, friherre A. V. Löwen, kjøpte i 1780 Gärdesta og gjorde det til fideikommiss for den yngre sonen sin, medan den eldre, friherre Axel Fabian Löwen, fekk Sjösa og Trollesund. Trollesund var i 1807 vorte kjøpt for rekninga til faren. Etter kvart vart alle desse fideikommissene sameint hos éin person, friherre August Otto Ludvig Trolle-Löwen.

Gruver og treindustri[endre | endre wikiteksten]

Jernmalmgruvene ved Sjøsa vart brukt i 1870- og 1880-åra, men vart seinare nedlagde. I 1960- og 1970-åra dumpa Sjösa Träimpregnering tomme tynner i gruvene. I 1966 vart grunnen selt til Nyköpings kommune. I 1999 kjøpte noverande eigar, Johan Löwen, området. Deretter vart det konstatert at området var forgifta. Kommunen og eigaren av Sjösa ligg i tvist om kven som skal betale for saneringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]