Sjøforsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjøforsvaret i Noreg er i dag organisert i avdelingane Kysteskadren, Kystvakta og Sjøforsvaret sine skular. I tillegg kjem Saniteten i Sjøforsvaret og prestetenesta.

Kysteskadren inneheld alle KNM-fartøya og er inndelt i Overflateflotiljen, Undervannsbåtflotiljen, Kyststridsflotiljen, Minekrigsflotiljen og Saniteten i Sjøforsvaret. Kysteskadren har ansvaret for styrkeproduksjon av operative einingar i Sjøforsvaret.

Kystvakta er delt inn i Kystvaktskvadron Nord og Kystvaktskvadron Sør . Primæroppgåva til Kystvakta er å hevde norsk suverenitet og suverene rettar i havområde under norsk jurisdiksjon.

Sjøforsvaret sine skular er delt inn i avdelingane Sjøkrigsskulen, KNM Harald Hårfagre, KNM Tordenskjold og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret er under omlegging, som resten av forsvaret. I 1989 hadde Sjøforsvaret 90 krigsfartøy.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]